Søkje sjukeheimsplass
Korttidsopphald i sjukeheim
For å kunne gje deg riktig hjelp i sjukeheim, må du legge ved oppdaterte helseopplysningar frå lege når du sender inn søknaden.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.
Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.
Du kan også:
- levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
- sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kva kostar det?
Eit korttidsopphald kostar 193 kroner per døgn.
Kva får du?
- du får hjelp av autorisert helsepersonell
- du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
- du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
- du får tilsyn av sjukeheimslege
- du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar på institusjonen
- du får fysioterapi ved behov
- du får gratis medisinar
- du får fri tannbehandling ved offentleg klinikk
Krav til søkjar
- du har behov for ei overgangsordning etter utskriving frå sjukehus
- du har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
- du treng hjelp til opptrening/ rehabilitering
- du treng sosial stimulering
- du treng hjelp til ernæring
- du må legge ved oppdaterte helseopplysningar frå lege dersom du bur heime og søker om korttidsopphald
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Du kan sende e-post. Trykk her for å lese meir om korleis du sender sikker elektronisk post til kommunen.
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.
Les meir
Trykk her for å lese Retningslinje for tildeling av rehabiliteringsopphald i institusjon.
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.
Søkje langtidsplass
Langtidsopphald på ein sjukeheim er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. For å få langtidsplass i institusjon må det først ha vore vurdert og prøvd andre alternative tenester. Det blir lagt til rette for at par som ønskjer det kan bu saman på sjukeheim.Lurar du på om dette er mogleg, kan du ta kontakt med tenesteleiar.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.
Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.
Du kan også:
- levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
- sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Kva kostar det?
Prisen er forskjellig frå brukar til brukar, og blir fastsett etter kva økonomi du har.
Kva får du?
- Du får hjelp av helsepersonell
- Du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
- Du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
- Du får tilsyn av sjukeheimslege
- Du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen
- Fri medisin
- Fri tannbehandling ved offentleg klinikk
Krav til søkjar
- Du har vedvarande og omfattande behov for behandling eller oppfølging
- Du har behov som etter ei fagleg vurdering berre kan dekkast ved langtidsopphald i sjukeheim
- Andre tenester må vere vurdert eller prøvd
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svara deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Du kan sende e-post. Trykk her for å lese meir om korleis du sender sikker elektronisk post til kommunen.
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.
Les meir
Trykk her for å lese forskrift om tildeling av langtidsopphald i Alver kommune
Trykk her for å lese merknadar til forskrift om tildeling av langtidsopphald i Alver kommune
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.
Søkje avlastingsopphald
Avlastningsopphald er eit tilbod til pårørande med særleg tyngjande pleie- og omsorgsoppgåver. Du kan søkje avlasting for ein eller fleire periodar. Du kan også søke om rullerande avlasting. Målet med avlastingsopphald er å utsetje behovet for ein institusjonsplass, slik at du kan bu heime lengst mogleg.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.
Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.
Du kan også:
- levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
- sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis. Det er ikkje eigenbetaling for denne tenesta.
Kva får du?
- du får forsvarleg helsehjelp
- du kan delta på sosiale aktivitetar i institusjonen
- du får alle måltider
- omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver
Krav til søkjar
- du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
- du bur heime
- du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen
- du har ikkje rett på transport, men kan be fastlegen din om å skrive ut drosjerekvisisjon
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for rullerande avlastning er 15. august kvart år. Vi gir vedtak om avlasting for eitt år om gangen.
Andre søknadar behandlar vi etter kvart som dei kjem inn til oss.