Friskliv og meistring

Om friskliv og meistring

Vi tilbyr fleire kurs der fokuset er å meistre sjukdom og belastningar og førebyggje sjukdom.

Alle kursa våre tar utgangspunkt i helsedirektoratet sine tilrådingar, og dei fleste kursa går på ettermiddags- og kveldstid.

Du kan ha rett på sjukemelding for å delta på kurs i regi av Friskliv og meistring. Ta kontakt med fastlege for å avklare dette.

Kven kan bruke tilbodet?

Innbyggjarar som har behov for støtte til å betre helse, førebyggje sjukdom og/eller meistre helseutfordringar. Du treng ikkje ha ein diagnose eller tilvising frå lege for å delta.

Det er stor pågang på friskliv-kurs. Vi oppmodar difor alle som melder seg på om å delta på alle kurssamlingane, så langt det let seg gjere.

Kva kostar det?

Dei fleste kursa våre er gratis, med nokre få unntak.

Det er ein eigendel på 500 kroner for vaksenkurset i livsstilsendring og meistring.

For fallførebyggande grupper gjeld takst for eigendel sett av Helfo.

Kva seier tidlegare deltakarar?

«Kurset har vore ei påminning, eit spark bak i høve til å fokusere på det friske. Akseptere den nye kvardagen, og likevel være aktiv innanfor dei nye rammene».

«Eg har i løpet av kurset fått nyttige verktøy, spesielt vil eg trekkje frem det som går på verdiar, og på å endre åtferd. Eg er blitt meir bevisst på kor viktig det er å sette grenser».

«Eg har begynt å trene regelmessig, og føler at eg har nådd målet om å komme inn i gode treningsrutinar. Kurset har verkeleg våre eit spark bak, og eg er mykje meir aktiv no samanlikna med tidlegare».

Lurar du på noko?

Har du spørsmål til kursa eller lurar du på om det kan passe for deg?

Ta kontakt med oss på telefon: 40 91 04 88, eller
e- post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no.


Kurstilbod våren 2024

Kreftrehabilitering

Kreftrehabilitering er ei treningsgruppe for deg som har, eller har hatt kreftsjukdom. 

Treningsgruppa er eit tilbod der du kan kome saman med andre i same situasjon for å trene. Kvar treningsøkt blir avslutta med ei sosial samling med kaffe og te. Her vil vi leggje til rette for gode rammer for samtale og erfaringsutveksling. 

Målet med treningsgruppa er å fremje meistringsfølelse og trua på eit godt liv, samt lindre seineffektar etter kreftsjukdom og behandling gjennom trening og avspenning. Kurset tar utgangspunkt i trappetrinnsmodellen, og vi vil leggje til rette for kvar enkelt kursdeltakar. Vi vil ha fokus på ulike tema som til dømes: pust, trafikklysmodell, fysisk aktivitet, kvardagsglede, energibalanse, kvilestrategiar, stress og eigentid. 

I etterkant av at du har meldt di interesse vil du få tilsendt eit kartleggingsskjema innan 1 – 2 veker. Det er viktig at fyller ut dette for å fullføre registreringa di. 

Kva kostar det?

Du betaler vanlig egenandel for fysioterapi/gruppetrening (HELFO). Dersom du ikkje kan møte på ein time, må du gje beskjed innan 24 timar før for å unngå å måtte betale. 

Når er kurset?

Kurset vil finne stad i Knarvik 

Onsdag formiddag (før lunsj) 

Planlagte datoar og klokkeslett for kursoppstart etter påske: 

  • 10. april kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 
  • 17. april kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 
  • 24. april kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 
  • 08. mai kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 
  • 15. mai kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 
  • 22. mai kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 
  • 29. mai kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 
  • 05. juni kl. 10:15 – 11:15 (oppmøte er 10.00) 

Trykk her for å melde interesse

Frist for å melde interesse: 01.04.2024.

Lurar du på noko?

Ta kontakt med oss på telefon 40 91 04 88, eller
e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no.

LEV (livsstils- og sjukdomsmeistringskurs for vaksne)

Kurset skal lære deg korleis du meistrar sjukdom og belastningar gjennom endring av levevaner, til dømes ved å balansere kvardagens gjeremål, ete sunnare og vere meir fysisk aktiv.

Kurset baserer seg på helsedirektoratet sine anbefalingar, og er ei kursrekke der kvar kurskveld bygger på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld.

Du betalar 500 kr for å delta på kurset, men vanleg eigenandel (HELFO takst) for obligatorisk kartleggingssamtale. Kartleggingssamtale vil vere i forkant og etterkant av kurset.

Vi tilrår at du følgjer heile kursrekka frå start til slutt. Kurset går på ettermiddags- og kveldstid.

Planlagte kursdatoar for våren 2024:

  • Onsdag 07. februar, klokka 16.00-19.15
  • Onsdag 21. februar, klokka 16.00-19.15
  • Onsdag 06. mars, klokka 16.00-19.15
  • Onsdag 20. mars, klokka 16.00-19.15
  • Onsdag 03. april, klokka 16.00-19.15
  • Onsdag 17. april, klokka 16.00-19.15

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 1. februar, 2024. 

Ta kontakt med oss på telefon 40 91 04 88, eller
e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no

Treningsgrupper i medisinsk yoga 

Medisinsk yoga tar utgangspunkt i medisinsk forskning på avspenning, røyrsle, pust og tilstedeværelse. Dette er ein mjuk, men likevel kraftig yoga som passar alle uansett sjukdom eller helseutfordringar. Det er enkle øvingar som du gjer i takt med din pust. Øvingane kan gjennomførast både på matte på golvet eller sittande på ein stol.

Forsking visar at medisinsk yoga hjelper mot mange plagar og sjukdomar. Difor er det naturleg å tilby medisinsk yoga som del av vårt kurstilbod. Me tar utgangspunkt i trappetrinnsmodellen, og vil leggje til rette for at du gradvis kan auke treningsmengda gjennom kurset.

Du treng ikkje ha noko spesiell sjukdom eller diagnose for å delta, men på grunn av stor pågang på desse kursa vil me måtte prioritere kven som får delta med utgangspunkt i ein kartlegging. Du vil få tilsendt meir informasjon om dette etter at du har meldt di interesse.

Kva kostar det?

Du betalar 650 kroner i kursavgift og for kursmateriell.

Når er kurset?

Kurset i medisinsk yoga går over 8 veker, og vil vere i gymsalen på gamle Knarvik barneskule.

Planlagte datoer for våren 2024 er:

  • 11.01.2024, kl. 12.30 – 14.30
  • 18.01.2024, kl. 12.30 – 14.30
  • 01.02.2024, kl. 12.30 – 14.30
  • 08.02.2024, kl. 12.30 – 14.30
  • 15.02.2024, kl. 12.30 – 14.30
  • 22.02.2024, kl. 12.30 – 14.30
  • 29.02.2024, kl. 12.30 – 14.30
  • 07.03.2024, kl. 12.30 – 14.30


Påmelding:

Trykk her for å melde di interesse

Frist for å melde interesse: 05.01.2024.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no eller telefon 40 91 04 88.

Vanar for livet - eit familievenleg livsstilskurs

Vanar for livet er eit nytt familiebasert livsstilskurs med eit helsefremjande og førebyggjande fokus. Våren 2024 vil vi halde kurs for foreldre, og målet er å fremje gode val og levevaner gjennom undervisning, samtale og erfaringsutveksling med andre familiar.

Dette kurset passar for deg som:

  • Vil bli meir bevisst og ta gode val i kvardagen – for heile familien.
  • Er forelder/føresett til barn/ungdom med overvekt.
  • Ønsker å betre kosthald og fysisk aktivitet.
  • Ser verdien av å gjere endringar saman med andre.


Vanar for livet baserer seg på Helsedirektoratet sine anbefalingar og passar for familiar med barn i alle aldrar. Kurskveldane har ulike tema og ein vil i løpet av perioden få undervisning frå ei tverrfagleg samansett gruppe.

Planlagte kursdatoar for våren 2024:

Kurset har 4 samlingar på 2 timar og blir halde i Knarvik, på Region Nordhordland Helsehus.

Planlagte datoar for kurs: 

  • Torsdag 14. mars, kl. 17.30-19.30
  • Torsdag 4.april, kl. 17.30-19-30
  • Torsdag 25. april kl. 17.30-19.30
  • Torsdag 23. mai kl. 17.30-19.30

Trykk her for å melde deg på.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no eller telefon 40 91 04 88.

Ny start, i samarbeid med JobbMot

Friskliv og Meistring tilbyr saman med JobbMot ein Ny Start for deg mellom 15 og 25 år, som står utanfor jobb eller skule.

Dette tilbodet er interkommunalt. Det vil seie at alle innbyggjarar i heile Nordhordland kan delta.

Oppstart er onsdag 31. januar kl. 11.30 - 14.00.

Me vil treffast på Region Nordhordland Helsehus i Knarvik 1 gong i veka.

Du betalar ingenting for å delta på kurset, men vanleg eigenandel (HELFO takst) for obligatorisk kartleggingssamtale. Kartleggingssamtale vil vere i forkant og i etterkant av kurset.

Datoar som er fastsett våren 2024 er:

  • Onsdag 31.01.24, kl 12.00 - 14.00 - Friskliv og Meistring
  • Onsdag 07.02.24, kl 12.00 - 14.00 - JobbMot
  • Onsdag 14.02.24, kl 12.00 - 14.00 - Friskliv og Meistring
  • Onsdag 21.02.24, kl 12.00 - 14.00 - Jobbmot
  • Onsdag 06.03.24, kl 12.00 - 14.00 - Friskliv og Meistring
  • Onsdag 13.03.24, kl 12.00 - 14.00 - JobbMot
  • Onsdag 20.03.24, kl 12.00 - 14.00 - Friskliv og Meistring
  • Onsdag 03.04.24, kl 12.00 - 14.00 - JobbMot
  • Onsdag 10.04.24, kl 12.00 - 14.00 - Friskliv og Mesitring
  • Onsdag 17.04.24, kl 12.00 - 14.00 - JobbMot
  • Onsdag 24.04.24, kl 12.00 - 14.00 - Friskliv og Meistring
  • Onsdag 08.05.24, kl 12.00 - 14.00 - JobbMot

Trykk her for å melde di interesse

Påmeldingsfrist: 26. januar 2024.

Ta kontakt med oss på telefon: 40 91 04 88, eller
e-post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no.

 

Digitalt kurs i tankevirus - meir informasjon kjem
Digitalt søvnkurs - oppstart av nytt kurs er utsett til hausten
Digitalt kurs i tobakkslutt

Friskliv og Meistring tilbyr kurs for deg som ynskjer å slutte med røyk og snus. Mange klarar å slutte på eiga hand, men det er dokumentert at støtte og rettleiing øker sjansen for å klare det.

Våren 2024 har vi digitalt  interkommunalt røykesluttkurs på teams, ope for alle i Vestland fylke. Kurset har ingen kursavgift.

Nokre tema vi skal innom:

  • Korleis brukar du tobakk?
  • Korleis planlegg du å slutte?
  • Kva hindrar deg?
  • Bruk av tobakk - vane og avhengighet
  • Legemiddel og elektroniske hjelpemiddel
  • Å øve på å utsette, avlyse og erstatte tobakken
  • Glipp og sprekk
  • Vekt og matgevinstar
  • Kanskje sette en dato?
  • Planlegge ditt slutte-prosjekt

Tidspunkt: 

  • 03. april 2024, kl. 14.00 – 15.30
  • 10. april 2024, kl. 14.00 – 15.30
  • 24. april 2024, kl. 14.00 – 15.30
  • 08. mai 2024, kl. 14.00 – 15.30
  • 15. mai 2024, kl. 14.00 – 15.30
  • 22. mai 2024, kl. 14.00 – 15.30
  • 12. juni 2024, kl. 14.00 – 15.30

Påmelding: 

Trykk her for å melde deg på kurset

Påmeldingsfrist: 01.04.2024

 


Sist oppdatert: 02.04.2024
Publisert: 20.07.2020