HjemKampanjerBruk refleks - bli synleg i trafikken

Bruk refleks - bli synleg i trafikken

Vi har ingen å miste i trafikken. Pass på kvarandre - ta på minst ein refleks før du går ut døra.
Publisert: 26.10.2018
Sist endra: 28.01.2020

Vi er inne i den mørkaste årstida, og det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar fordi du som går eller syklar langs vegen ikkje har refleks!

Slik hjelper refleksen deg

  • Brukar du refleks, reduserer du risikoen for å bli påkøyrd med 85 prosent. Refleksen er difor ein enkel og rimeleg livsforsikring.
  •  Utan refleks er du først synleg på 25-30 meter hald – med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen brukar nærlys. Refleksen gir bilføraren 10 sekund til å reagere – i staden for to.
  •  Nokon trur at det ikkje er naudsynt med refleks når dei går i område med gatelys. Dette er galt. Sjølv om du ser bilen, ser ikkje bilisten deg.

Her delar vi ut refleksar

Vi ønskjer at du som bur i Alver kommune skal vere trygg. Difor delar vi ut gratis refleksar til barnehagebarn, ungdomsskuleelevar og andre innbyggjarar.

I år satsar vi på ungdommane, og delar ut refleks til alle ungdomsskuleelevar i kommunen. Vi legg i tillegg ut ein del refleksar på rådhuset og biblioteka i kommunen. 

Reflekskampanjen er eit samarbeid mellom kommunen, Trafikkfagleg samarbeidsutval (TSU) og nabokommunar i regionen. 

Her er Trygg Trafikk sine 5 beste reflekstips:

1. Fest refleks på alle jakkar, sekker og vesker - då har du alltid med deg refleks.

​2. Refleksar er forbruksvare, bytt ut gamle refleksar.

3. Bruk helst to refleksar. Då er du synleg frå alle kantar.

​4. Refleks er best synleg når den rører seg. Fest refleks på armar og bein.

​5. Hengerefleksar bør henge i knehøgde for best mogleg effekt.