HeimKampanjerDøgnopne vakttenester

Døgnopne vakttenester

Publisert: 14.02.2018
Sist endra: 10.11.2021
Førebyggjing av sjølvskading og sjølvmord

Har du eller nokon du kjenner tankar om sjølvskading og/ eller tankar om sjølvmord og treng nokon og snakke med? 

Då kan du kontakte:

  • 113 - Ved livstruande situasjonar
  • 116117 -  Nordhordland legevakt - Ved akutte situasjonar 
  • Fastlegen din –  fastlegen har ein augeblikkeleg hjelp funksjon på dagtid

Kommunepsykolog

Om du ønskjer å snakke med psykolog, har vi psykolog både til vaksne og til barn. Psykologane har kontor i Helsehuset i Knarvik, 2. etasje.

  • Måndag - fredag, klokka 08.30-15.00
  • Telefon 94 51 18 54

Avdeling for psykisk helse og rus

Vi har tre kontor, Frekhaug, Knarvik og Manger.

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Opningstider HFU Alver kommune:

  • Knarvik, Helsehuset, Kvassnesvegen 40, 3. etasje: Onsdagar klokka 15.30-18.30
  • Frekhaug, Havnevegen 41: Tysdagar klokka 15.30-18.30 

Du kan ikkje ringe til HFU, det er drop-in.
Du kan og ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din.

Trykk her for kontaktinformasjon skulehelsetenesta

Hjelpetelefonar 

Nettstader

Krisesenteret i Bergen
Legevakt
  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsevesenet. Du bør alltid ringe til fastlegen først, om det er mogleg.
  • Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
  • Ring 113 ved livstruande skade eller sjukdom
Psykososial akutthjelp

Treng du psykososial akutthjelp?

Alver kommune har Psykososialt kriseteam som gir omsorg og støtte til familiar og enkeltindivid som har opplevd brå og uventa hending/krise. Teamet blir kontakta via andre tenester og naudetatar.
Psykososialt kriseteam har ikkje beredskapsvakt, men tek kontakt så snart som mogleg for vurdering og oppfølging i akutt fase inntil dei ordinære oppfølgingstenestene tek over.

Kontaktinformasjon

Dagtid: Ring fastlegen din
Kveld, natt og helg: Ring Nordhordland legevakt - telefon 116117.

 Kompetansesenter mot seksuelle overgrep

Landsdekkjande telefon for incest og seksuelt misbrukte.

Telefon: 800 57 000

Trykk her for å gå til nettstad

Telefon for Incest og seksuelt misbrukte

Landsdekkjande telefon for incest og seksuelt misbrukte.

Telefon: 800 57 000

Gratis frå fasttelefon og Telenor mobil.

Trykk her for å besøke nettstad

Valdtektsmottaket
  • Valdtektsmottaket til Bergen legevakt: Ring 55 56 87 60
Vakttelefon for veg

Send e-post til post@alver.kommune.no eller ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Vakttelefon for veg (etter arbeidstid)

Telefon kvardagar klokka 08.00–15.30: 56 37 50 00

Andre meldetenester for veg:

Vakttelefon for vatn og avløp

Send e-post til post@alver.kommune.no eller ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Vakttelefon for vatn og avløp (etter arbeidstid)

Ønskjer du kontakt med ein av dei tilsette på teknisk drift?

Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Vakttelefon for bygg, anlegg og elektro

Vakttelefon kveld og helg: 56 37 51 51.

Viltpåkjørsel

Dersom du er uheldig og køyrer på ein hjort eller anna vilt, er du pliktig å varsle. Den enklaste måten er å ringje politiet på 02800, som varslar vidare til ettersøksmannskapet. Det er ikkje straffbart å køyra på vilt, det viktigaste er å varsle om ulykka.
Varsling er også viktig dersom det vert skader på bil. Forsikringsselskapa kan krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulykka. Stadfesting får ein hjå kommunen.

Sjukt eller skadd vilt

Ring kommunen på 56 37 50 00 dersom du kjem over sjukt- eller skadd vilt i nærområdet eller på tur. Kommunen vil raskt avgjere om viltet må avlivast, slik at ein unngår at viltet lid unødig eller gjer skade på folk eller eigedom.
Dersom du ikkje får tak i kommunen, ring politiet på telefon: 02800

Veterinærvakt

Ring eitt av nummera under, og be om informasjon om kven som har vakt.

 

Kvar?

Kven?

Telefon

Knarvik Dyreklinikk

Lars-Fredrik Sæthre

Inge Midtveit

56 35 45 75
Seim veterinærkontor Hallgrim Andersen 56 35 10 50
Totland veterinærkontor Carl Aage Wangel

56 35 11 06

91 76 75 19