HeimNyheiter17. mai - informasjon til komitéane

17. mai - informasjon til komitéane

Her finn du regjeringa sine råd og retningslinjer for 17. mai.

Klokka 12 synger heile Noreg "Ja vi elsker" saman.

Klokka 12:30 publiserer vi 17. mai-talen til ordførar Sara Hamre Sekkingstad på YouTube og Facebook.

Er du arrangør?

Vi har inga godkjenningsordning for arrangement i Alver kommune. Det går heller ikkje an å søkje om dispensasjon frå reglane i Covid-19-forskrifta.

Ønskjer du å invitere til eit arrangement, må du setje deg godt inn i reglane som gjeld og sjølv vurdere kva som er trygt og lov.

Her kan du lese meir:

Ver kreativ

Tusen takk til alle dei kreative 17. mai-komitéane i Alver som skapar liv og glede i bygdene på nasjonaldagen vår.

Kransar

Kommunen bestiller som før kransar til desse stadane:

Meland kyrkje (1), Sæbø kyrkje (2), Hordabø kyrkje (2), Manger kyrkje (1) , Sletta (2), Kvalheim (1).  Kransane vert levert om morgonen 17. mai.

Komitéane som legg ned kransar ved Alversund kyrkje, Kvamsvåg, Bjørsvik, Eknesvågen, Myking, Seim/Håkonshaugen og Stranda kan bestille desse hos Eikanger hagesenter, eller levere kvittering og utbetalingsinformasjon til kommunen for refusjon.

Dersom du tradisjonelt legg ned kransar andre stadar enn desse, ta kontakt for oppfølging.   

Blomar til t.d. talar må komitéane ordne sjølve, det same gjeld å finne talar eller samkøyre med andre aktørar.

Flagging

Kommunen flaggar som før på aktuelle kommunale bygg og skular, med unntak av Austebygd skule der flagginga vert ordna lokalt. 

I tillegg sørgjer kommunen for flagg ved Manger kyrkje. Merk at det er ei rekke flaggstenger som vert flagga av andre enn kommunen.

Vi oppmodar alle innbyggjarar i kommunen om å markere dagen – på sin måte. Heis flagget, pynt hagen/nabolaget og finn fram finstasen. Gjer noko kjekt ilag med familien din!

Lurer du på noko?

Har komitéen spørsmål eller tilbakemeldingar – ta kontakt med kultursjef Eirik Utne på eirik.utne@alver.kommune.no – men hugs at fjorårets lokale komité truleg veit aller mest om korleis di bygd arrangerer 17. mai. God feiring!


Sist oppdatert: 30.04.2021
Publisert: 30.04.2021