HeimNyheiter17. mai-tale frå ordføraren

17. mai-tale frå ordføraren

Kjære alverbu – gratulerer så mykje med dagen!
Publisert: 17.05.2022
Sist endra: 09.05.2022

I dag feirar vi grunnlova vår, friheten vår og landet vårt.

Etter to år med alternativ feiring av nasjonaldagen kan vi igjen samlast i bygdene og lokalsamfunna i den flotte kommunen vår.

Endeleg kan vi feire 17. mai slik vi er vande med å feire.

Vi skal gå i små og store tog – og rope “hurra for 17. mai" saman med klassekameratar, familie og naboar – medan korpsmusikken spelar.

Vi skal samlast på skular og i grendahus – der vi møter sambygdingar, slår av ein prat over kaffikoppen, rømmegrauten og gjerne ein is eller fleire.

Vi skal springe om kapp, kaste hestesko, fiske etter snop og andre fine premiar i fiskedammen, og kven går av med sigeren i potetløpet i år? Blir det deg eller naboen?

Eg veit at mange har stått på for at alt skal vere klart til 17. mai-feiringa i år - frivilligheit og samhald står stekt i kommunen vår, og det er utallige dugnadstimar som vert lagt ned i dei ulike arrangementa rundtom i Alver. Den innsatsen, dugnaden og fellesskapet har vi alle grunn til å vere stolte av.

Vi er heldige som bur i Norge og i Alver, og kan feire nasjonaldagen vår i eit samfunn i fred. Vi veit alle at situasjonen er ein heilt annan i mange andre land, og no også i Ukraina. Den siste tida har det kome fleire flyktningar til Alver også frå Ukraina. Eg vil oppfordre dykk alle til å gjere ein ekstra innsats med å spesielt inkludere alle dei som er nye i kommunen vår i 17. mai-feiringa i år.

Eg ønskjer dykk alle ei strålande fin feiring av nasjonaldagen vår, både store og små! I dag skal vi feire med is, pølser og hurrarop!

Hurra – og gratulerer med dagen!

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad