HeimNyheiterRikt aktivitetstilbod i sommar for deg som er ung

Rikt aktivitetstilbod i sommar for deg som er ung

Er du ung i Alver og lurar på kva du skal finne på i ferien? Ikkje fortvil, avdelinga ungdom, fritid og medverknad har noko for alle.
Publisert: 21.07.2020
Sist endra: 21.07.2020

Avdelinga ungdom, fritid og medverknad har gjennom heile sommaren eit breitt aktivitetstilbod for ungdom.

- Vi har fokus på at det skal vere tilbod til unge gjennom heile sommaren, og som skal passe til alle uansett kva interesse og behov dei har. Ved å ha eit tilbod i ferien håpar vi å skape gode opplevingar for ungdom, samt å skape møteplassar der dei kan treffe andre unge og ha trygge vaksne som dei kan snakke med, fortel Katarina Birkeland som er avdelingsleiar for avdelinga ungdom, fritid og medverknad.

Aktivitetane går føre seg over heile Alver, og ungdommane må flytte seg rundt om dei ynskjer å delta på alt.

Ungdom i alderen 7.klasse og til og med 3. klasse på vidaregåande kan delta på aktivitetane. Der treff dei alle dei tilsette på dei fem ungdomsklubbane i Alver. 

Variert program

Til no har avdelinga hatt fleire aktivitetar som klubbkveldar ute, kajakk på Nesvatnet, rebus, fisking, sykkelturar og friluftslivs-turar med grilling og aktivitet.
Avdelinga arrangerte og i samarbeid med Austrheim ungdomsklubb paintballturnering i slutten av juni.

Gjennom sommaren har avdelinga arbeida tett saman med Kvernbit kajakklubb om padleturar. Til no har det vore padleturar i Kvamsvågen og på Kvalvågnes.

- Padlinga var ein stor suksess og ungdommane fekk lære og padle, lære nye teknikar og vart kjent med andre ungdomar. Dyktige instruktørar frå Kvernbit Kajakklubb skapte gode opplevingar både for ungdomen men også for dei tilsette, fortel Birkeland. Det vart også tid til bading og grilling på turane.

Sjøaktivitet, telttur og uteklubb

Det er lagt opp til tre padleturar til i sommar på Eknes, i badevika på Frekhaug og på Kvalvågneset.

- Ungdom som ynskjer å delta må melde seg på kan gjere det via skjema i sommarhefte. Det er begrensa plassar på padleturane og det kostar ingenting å delta, seier Birkeland.

Det er framleis fleire veker igjen av sommarferien. Nokre av aktivitetane som ungdom kan glede seg til er sjøaktivitetsdag på Manger med vasski, tubekøyring, SUP-brett og anna moro. Det vert også uteklubbar både ved Nesvatnet, badevika på Frekhaug, i Kvamsvågen og på Entry. Torsdag 6.august er det duka for  teltovernatting i Lindåsområdet. Birkeland forsikrar om at det er mange tilsette med på turen, og at ungdommane vil vere i gode hender.

Aktivitetar som kajakk og telttur krev påmelding, mens på dei andre aktivitetane kan ungdom stille om dei ynskjer.

Sommaraktivitetar for borna

Avdelinga samarbeidet tett saman med frivilligsentralane på Frekhaug og Manger om sommaraktivitetar for born. I tilknyting til aktivitetar for born vert det arrangert familiedagar ulike stader i kommunen.

- Dei tilsette på barneaktivitetar held familiedagar med aktivitetar for heile familien. Born må komme i følgje med vaksne. Det førast også liste over alle som deltek slik at vi føl reglane for eventuell smittesporing, avsluttar Birkeland. 

Lista over familiedagane kan du sjå under.

Det vert familiedagar kl. 12.00-16.00:

  • 29.juli: Familiedag på Håøy
  • 31.juli: Familiedag på Lindås
  • 31.juli: Familiedag ved Nesvatnet
  • 5.aug: Familiedag på Eknes
  • 7.aug: Familiedag på Lindås
  • 7.aug: Familiedag ved Nesvatnet

Trykk her for å sjå aktivitetshefte for born og unge i Alver, sommaren 2020

Bilete av to jenter som grillar pølser i naturen.