HeimNyheiterAlver har fått 700.000 til senterarbeid og sykkelstrategi

Alver har fått 700.000 til senterarbeid og sykkelstrategi

– Det var utruleg kjekt å få tildelt midlar til begge prosjekta vi søkte om. Pengane er eit viktig tilskot i arbeidet vi gjer med å skape levande bygder der alverbuen trivst og næringslivet blomstrar, seier ein strålande fornøgd Kristin Nåmdal, leiar for plan og analyse. 

Alver er ein av sju kommunar i Vestland som no får tilskot til stadutvikling.

Det eine prosjektet, med Trude Langedal som prosjektleiar, har fått tilskot på 400.000 kroner. Prosjektet er ein pilot for utvikling av berekraftige, attraktive og levande senter i Alver.

Satsar på lokal- og nærsentra

– Prosjektet vårt er ein samfunnsanalyse og moglegheitstudie for region, lokal- og nærsenter for å tydeleggjere funksjon, rolle og kvalitetar hos dei definerte sentra i Alver, fortel Nåmdal.

Dei sju definerte sentra er Knarvik, Frekhaug, Manger, Vikebø, Lindås, Bøvågen og Ostereidet.

Det andre prosjektet omhandlar grøn mobilitet, og skal munne ut i ein sykkelstrategi. Prosjektet fekk 300.000 kroner i støtte. God grøn mobilitet betyr at det er lett å velje transportformer som er bra for miljøet.

– Det skal utarbeidast ein strategi for dei som går, syklar og reiser kollektivt i Alver. Plan og analyse har ansvar for arbeidet, og prosjektet vert leia av Kaia Marie Amland. Arbeidet med sykkelstrategien er allereie starta opp, og skal etter planen ferdigstillast i mai 2021. Målet med strategien er at fleire skal sykle meir i Alver, fortel Nåmdal.    

Ein strålande fornøgd Kristin Nåmdal på Ostereidet, eit av sentera i Alver.

Vestland fylkeskommune deler ut

Det er Vestland fylkeskommune som gjev tilskot under tilskotsordninga for by- og stadutvikling. 

Fylket ønskjer å skape gode rammer for kvardagslivet i byar og stadar i Vestland, for å bidra til ei meir berekraftig samfunnsutvikling.

Alle prosjekta som har fått innvilga støtte, fremjar folkehelse og legg til rette for nytenkjande og menneskevennleg arealbruk, samt miljøvenleg transport.


Sist oppdatert: 09.07.2020
Publisert: 09.07.2020