HeimNyheiterAlvergenseren er kåra

Alvergenseren er kåra

Juryen har no kåra Alvergenseren, men lanseringa er utsett grunna koronasituasjonen.
Publisert: 07.04.2020
Sist endra: 19.04.2020

Vi er heilt overvelda over alle dei flotte eksemplarane som blei levert inn som forslag til design på Alvergenseren!

Juryen har no kåra ein vinnar av konkurransen og Hillesvåg Ullvarefabrikk har finjustert mønster og strikka testmodellar.

Vinnaren er orientert, og Alvergenseren skulle etter planen verte lansert under opninga av ny innbyggjarservice i mars. 

Ny dato kjem

Grunna koronasituasjonen er lanseringa utsett på ubestemt tid, men ny dato vil verte annonsert på kommunen sine heimesider og i Avisa Nordhordland når det nærmar seg.

Alvergenseren har skapt stort engasjement, nær 700 stemmer kom inn til folkets favoritt, og alle genserane fekk mange stemmer. Stemmene blei nytta av juryen i utveljinga av vinnargenseren, i tillegg til den faglege vurderinga.

Fagjuryen har bestått av:

  • Hege Therese Nilsen, husflidkonsulent i Hordaland.
  • Arild Hagenes, leiar for Nordhordland husflidslag.
  • Vigdis Valde, inspektør/lærar i formingsfag.
  • Berit Løkken, designansvarleg, Hillesvåg Ullvarefabrikk

Genserane skulle vore ute på ei vandreutstilling på Strilabiblioteket i desse dagar. Det veit vi var mange som gledde seg til. Datoane som var sett opp var:

• 23. mars – 7. april: Strilabiblioteket, Frekhaug
• 14. – 30. april: Strilabiblioteket, Manger
• 4. – 22. mai: Strilabiblioteket, Knarvik

Vi oppdaterer om eventuelt nye datoar når situasjonen kntt til kampen mot koronaviruset har normalisert seg. I mellomtida kan de nyte synet av alle dei flotte bidraga under.

Her er alle strikkedesigna som kom inn som forslag til den nye Alvergenseren