HeimNyheiterBer føresette bli med når 12-15-åringane skal vaksinerast

Ber føresette bli med når 12-15-åringane skal vaksinerast

- Vi ber ein føresett bli med alle under 16 år til vaksinasjon. Vi har dobbelt sett med stolar, slik at føresette kan sitje ved sida av barnet medan dei får vaksinen, forklarer kommuneoverlege Terese Folgerø.  

Alver kommune har sendt ut informasjonsskriv til alle føresette om vaksinering av aldersgruppa.

alver.kommune.no kan føresette bestille vaksinetime til barn og unge som er fylt 12 år.

Prat om vaksinering

- Vi oppfordrar at dei vaksne pratar med barna om koronavirus og vaksinering, og håpar at flest mogleg i aldersgruppa 12-15 år vel å ta vaksinen. Smittesituasjonen i Alver og presset på koronatesting viser at det er eit klart behov for å raskast mogleg få vaksinert også 12-15-åringane, seier Folgerø.

Folkehelseinstituttet har laga ein eigen plakat som forklarer koronavaksine på 1-2-3. Den gir viktig informasjon både til føresette og barn.

Begge føresette må signere samtykke

For at barn under 16 år skal kunne få vaksine må signert samtykkeskjema leverast på vaksinasjonsdagen.

- Samtykkeskjema må vere signert av begge føresette. Signert samtykke kan signerast og scannast av den eine føresette og sendast til den andre føresette om det er behov for det. I tillegg til at føresette mottar informasjon om vaksine og samtykkeskjema på e-post skriv skulane ut og sender samtykkeskjemaet heim med elevane i ranselen, seier Folgerø.

Den føresette som blir med på vaksinasjonsdagen må ha med id-kort, minner kommuneoverlegen om. Barn mellom 12 og 15 år får éin vaksinedose.


Sist oppdatert: 10.09.2021
Publisert: 10.09.2021