HeimNyheiterBli med på strandryddevekene

Bli med på strandryddevekene

Hold Norge Rent inviterer til nasjonal strandryddedugnad mellom 5.-20. september. Vil du vere med og rydde langs strender og i vassdrag?
Publisert: 07.09.2020
Sist endra: 08.09.2020

Her hentar du utstyr

Strandryddesekkar og hanskar kan hentast ut gratis på følgjande stader:

  • Gjenvinningsstasjonar hos NGIR.
  • Innbyggjarservice på Manger, Frekhaug og Knarvik (Hugs at vi har flytta frå rådhuset til Knarvik senter).
  • BUA Frekhaug og BUA Manger.

I år vert det ikkje arrangert ein felles Strandryddedag i Alver grunna koronasituasjonen. Vi håpar likevel at du ønskjer å bidra.

Slik leverer du sekkane

Strandryddesekkane kan leverast kostnadsfritt inn på gjenvinningsstasjonar hos NGIR.

Du kan også få levert sekkane saman med det vanlege avfallet ditt heime, men gje beskjed om dette til NGIR ved å sende ein e-post til strandryddeaksjonen@ngir.no. Du set sekkane ved sida av bosspannet ditt på den dagen det vanlegvis vert henta.

Kor kan eg rydde?

Du finn oversikt over forsøpla strender på www.Holdnorgerent.no og på Bergen og Omland Friluftsråd sine nettsider www.bof.no.

Trykk her for BOF sitt strandryddekart der du kan registrere kvar du ryddar.

Trykk her for Hold Norge Rent sin ein eigen ryddeportal der du kan registrere ryddeaksjonen.

Skulle du komme over eit båtvrak kan du melde dette inn på Nordhordlandskart.

Trykk her for å kome til Nordhordlandskart

Hugs smittevern

Hald 1 meter avstand til andre, ha god handhygiene og hald deg heime om du er sjuk.

Trykk her for å lese meir om smittevernråd for strandrydding på Hold Norge Rent si heimeside.


Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med ein av frivilligsentralane i Alver.

 

Strandrydding i Alver