HeimNyheiterBreiband Holsnøy

Breiband Holsnøy

Alver kommune har no inngått avtaler med Bergen Fiber AS og NettStar AS om utbygging av breiband på Holsnøy. Alle områda vil få tilbod om fiber.
Publisert: 02.04.2020
Sist endra: 19.04.2020

Dei aktuelle områdane er:

Breiband Holsnøy
Id Stad Tal adresser Tal bustader Leverandør
1 Landsvik - Skjelanger 299 131 Nettstar AS
2 Espetveit/Ådland 205 92 Nettstar AS
3 Io 105 75 Bergen Fiber AS
4 Håtuft/Grasdal 97 74 Nettstar AS
5 Fosse 94 86 Bergen Fiber AS
6 Eikeland 55 26 Bergen Fiber AS
7 Erstad/Bjørndalen 51 50 Bergen Fiber AS
Opsjon Sjurdalen 3 3 Nettstar AS
    909 537  

I tillegg femner områda i alt 372 fritidsbustader, men desse inngår ikkje i avtalane. Erfaringsvis vil leverandør gjerne tilby breiband til mange av desse også.

Avtalane som er inngått, har ei økonomisk ramme på nær 5,5 millionar kronar i form av anleggsbidrag frå Norsk kommunikasjonsmyndighet (Nkom)/fylkeskommunen (64 %) og kommunen (36 %).

For deg som nyttar høvet til å få på plass eit fullverdig fiber-breiband til din bustad, vil det bli eit eingongsbeløp (tilkoplingsavgift) og ein månadleg kostnad avhengig av kva for bandbreidde og kva for tenester du vil ha. Dette vil dei ulike leverandørane gje deg nærare informasjon om.

Informasjon og sal frå leverandørane vil starte opp over påsken 2020. Utbygginga vil starte opp til sumaren. Tidspunkt for oppstart er eit resultat av regelverk knytt til offentleg innkjøp med tilskot frå Nkom.

Tid for ferdigstilling av dei ulke områda er førebels ikkje endeleg avklart, men dette vil bli informert om seinare.

Vi seier oss glade for at leverandørane har stått ved sine opphavlege tilbod trass i dei vesentlege forseinkingane som har oppstått som følgje av kommunen sine ulike val gjennom prosessen.