Breiband til Holsnøy
Årsaka til at utbyggjinga ikkje har kome i gang er at det har gått ein rettsleg tvist om utbygginga, og Gulating lagmannsrett har no tatt avgjerd i saka. I praksis betyr dette at NettStar AS og Bergen Fiber AS er dei to aksepterte tilbydarane i konkurransen som blei lyst ut av Meland kommune i 2018.
Konkurransen gjaldt breiband til områda
- Landsvik - Skjelanger
- Espetveit - Ådland
- Io
- Håtuft - Grasdal
- Fosse
- Eikeland
- Erstad - Bjørndalen
- Opsjon Sjurdalen
Dei ulike områda er teikna inn i nordhordlandskart.no
Ein del avklaringar må på plass før tildeling av dei ulike oppdraga/områda som skal byggjast ut kan skje. Dette arbeidet er i gang, og om alt går greitt er dette gjort innan påske 2020. I så fall kan det bli utbyggingsstart til sommaren.
Detaljar i leverandørane sine framdriftsplanar er førebels ikkje kjende, så når ferdigstilling skjer er ikkje avklart. Truleg er den samla utbygginga ferdig i 2. kvartal 2021.
Kommunane Lindås og Meland fekk hausten 2019 nye tilskott frå fylkeskommunen til ytterlegare utbygging, og Alver kommune er i gang med å utforme konkurranse for nye område.