HeimNyheiterDeltavirus i Alver kommune

Deltavirus i Alver kommune

Ein person i Alver kommune har fått påvist deltavarianten av koronaviruset.
Publisert: 08.07.2021
Sist endra: 08.07.2021

Tilfellet er det første påviste koronaviruset i Alver sidan slutten av mai – og det første tilfellet av deltavarianten.

– Folkehelseinstituttet reknar med at deltavarianten vil «overta» i løpet av sommaren. Det er med andre ord ikkje overraskande at vi får eit slikt tilfelle her hos oss, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Tilfellet er importsmitte. Personen er i isolasjon og nærkontaktane er i karantene.

– Dette er ein forsmak på det som kjem og ei påminning om å vere nøye med smittevernreglane i ferien, seier kommuneoverlegen.

Ho ber alle om å teste seg tidleg, sjølv med små, milde symptom.

– Testing og smittesporing er den mest effektive måten å oppdage og slå ned smitten på. Det er viktig at vi hugsar på dette i ferien også. Ikkje tenk at det ikkje er så farleg, eller at du kan ta det når du kjem heim frå ferie. Om du har symptom, ver heime, held avstand til andre og test deg med ein gong, seier Folgerø.

Kommuneoverlegen oppmodar også alle om å laste ned og bruke smittestopp-appen. Dette er særleg viktig no som vi reiser meir og treffer fleire, seier ho.

Trykk her for å gå til sida med oversikt over påviste smittetilfelle i Alver kommune.