HeimNyheiterDesse fekk kultur- og idrettsstipend

Desse fekk kultur- og idrettsstipend

Dei som fekk stipend representerer ulike sjanger og driv med ulike, spanande prosjekt kvar for seg.

Mottakarar av kulturstipend

Linda Røyseth Sandhåland – prosjekt «Lokal folkesong i skulen» samt heimeside www.strilakultur.no

Tormod Haugland – forfattar, som skriv med Radøy som bakteppe

Christer Steffensen - filmregissør, fotograf og manusforfattar. Jobbar med spelefilm i Alver.

Mottakarar av idrettsstipend

Anders Vik - FIL-AKS 77, diskos som hovudutøving

Tommy Urhaug - treningsplan fram mot Paralympics i Tokyo

Utdeling i kommunestyret

Linda Røyseth Sandhåland takka for stipendet med ei framføring av vakker folketone frå Meland.

Linda Røyseth Sandhåland sang vakkert i kommunestyresalen.

Innan idrett er Tommy Urhaug ein ruvande skikkelse med fleire VM-, NM- og OL-titlar.Det er ekstra stas at Urhaug mottok prisen samstundes som Anders Vik mottar idrettsstipend. Vik er ein 17 år gammal utøvar som er i startgropa på sin idrettskarriere.

Tommy Urhaug og Anders Vik, to glade stipendmottakarar.

Dessverre førte sjukdom til at fleire ikkje kunne møte sjølv for å ta i mot prisen.

Vi gratulerer og gler oss til å følgje dei flotte representantane for kultur og idrett vidare!

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad og utvalsleiar Christel Villanger Håland delte ut stipend til Linda Røyseth Sandhåland .


Sist oppdatert: 18.09.2020
Publisert: 18.09.2020