HeimNyheiterDrar på turne med samfunnsdelen

Drar på turne med samfunnsdelen

Fredag 26. november legg ordførar og varaordførar ut på ein turné for å høyre kva folk i Alver meiner om forslaget til Alver sin første samfunnsdel.
Publisert: 24.11.2021
Sist endra: 24.11.2021

På denne tida i fjor, inviterte kommunen innbyggjarar i Alver til å kome med innspel til framtida. Sidan den gong har fleire hundre innbyggjarar kome med fleire tusen innspel.

– Vi er imponerte over engasjementet, og ønskjer å takke alle som har bidratt! No inviterer vi til ein ny prat om framtida – denne gongen for å høyre om vi treff med forslaget vårt til ny samfunnsdel, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad og varaordførar Øyvind Oddekalv.

Startskottet til turneen går i Knarvik Senter fredag ettermiddag, 26. november. Deretter står Manger, Ostereidet, Bøvågen, Frekhaug, Vikebø, Lindås, Myking, Seim og Alversund på plakaten for dei to – som skal innom alle lokal- og nærsenter i kommunen før jul.

Trykk her for å lese samfunnsdelen og sjå kor ordførar og varaordfører skal på turne til før jul.

Aktiv høyringsperiode

Politikarane har sett av ekstra god tid til å høyre kva folk meiner om den nye planen. Høyringsperioden varar til og med 15. februar. I denne perioden vil kommunen møte innbyggjarane på fleire arenaer.

– Vi startar med senterturneen, og håpar mange vil slå av ein prat med oss når vi er ute på dei ulike plassane, seier ordførar og varaordførar.

Dei ønskjer seg ein aktiv høyringsperiode med fleire alternativ til det tradisjonelle folkemøtet.

– Vi satsar på den gode samtalen. Etter jul blir det fire høyringsverkstader i Knarvik, Frekhaug, Manger og Lindås der vi skal sjå på satsingsområda i planen ilag med dei som kjem. Om koronapandemien tillet det, blir dette opne møte som alle kan delta på, forklarar ordførar og varaordførar.

– Alle sin plan!

Det finst fleire måtar å kome med innspel til planen på. Kommunen har delt forslaget til ny plan på nettsida, slik at det blir lett for alle som ønskjer å lese høyringsutkastet og kome med tilbakemelding.

Det går også an å låne ein papirversjon på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger for dei som føretrekkjer det.

– Målet med ein aktiv høyringsperiode er å sikre at alle får med seg at planen er klar – og at det er mogleg å kome med innspel! Dette er ikkje berre dei tilsette eller politikarane sin plan – vi ønskjer at dette skal vere ein plan for alle som er opptatt av og vil bidra til framtida til Alver, seier ordførar og varaordførar.