HeimNyheiterEin ny positiv koronaprøve i Alver

Ein ny positiv koronaprøve i Alver

– Personen er nærkontakt til ein smitta i ein av nabokommunane våre, og på testtidspunktet var vedkommande i karantene, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Førebels veit vi ikkje om personen er smitta med deltavarianten av koronaviruset. 

– Dei tre smittetilfella vi hadde i førre veke viser at det framleis er viktig å tenke på smittevern. Hugs å teste deg viss du får symptom, og last ned Smittestopp-appen så bidreg du til raskare smittesporing. Vi oppfordrar og til å ha få nærkontaktar, og om du skal treffe venner og familie i sommar - hald god avstand og ver utandørs, seier Folgerø.


Sist oppdatert: 12.07.2021
Publisert: 12.07.2021