Endra køyremønster i Knarvik

Frå og med onsdag 21. september klokka 12 blir trafikken lagt om til sørsida av den nye ovale rundkøyringa på E39.
Publisert: 21.09.2022
Sist endra: 21.09.2022

Kryss inn og ut av Kvassnesvegen samt tilkomst til Reikerås-bygget, bustader og omsorgsbustader blir også opna.

Fotgjengarar kan også ta i bruk del av fotgjengarfelt mellom Kvassnesvegen og Reikeråsbygget.

Det blir ein del arbeid opp mot Kverhushaugane og kjøreveg blir tidvis om Stallane.

Vegen opp mot Nordhordlandshallen forbi Knarvik senter er framleis stengd. Omkøyring er om Stallane. 

Dei grøne strekane indikerer kor ein kan køyre.