HeimNyheiterEndring på kommunale avgifter

Endring på kommunale avgifter

I slutten av februar kjem den første rekninga med kommunale avgifter frå Alver kommune.
Publisert: 28.02.2020
Sist endra: 09.06.2020

Kva er nytt?

  • Dei kommunale avgiftene blir delt på tre terminar. Det betyr at du får tre rekningar frå kommunen i året. Rekningane kjem i februar, juni og oktober.
  • Alle bueiningar som er tilknytta offentleg vatn og avløp (hus, leilegheiter og hytter) i kommunen må betale, uansett storleik og bruk. Definisjonen på ei bueining er: Minst eitt rom, eigen wc og separat inngang - anten direkte eller via inngang/korridor.
  • Alle som er tilknytta offentleg vatn og/eller avløp får eit abonnementsgebyr. Dette er inkludert i prisane under.
  • Alver kommune har ingen eigedomsskatt på private eigedomar.

Kva kostar det?

  • Offentleg vatn:
    • Bustad under 90 kvadratmeter: 2.493 kroner i året
    • Bustad over 90 kvadratmeter: 4.283 kroner i året
  • Offentleg avløp:
    • Bustad under 90 kvadratmeter: 2.274 kroner i året
    • Bustad over 90 kvadratmeter: 3.961 kroner i året
  • Feiing og tilsyn:
    • 581,25 kroner i året
    • Ekstra pipe: 187,50 kroner i året
  • Slamtømming:
    • Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR) har overtatt ansvaret for slamtømming. Rekninga for slamtømming kjem ilag med renovasjonsavgifta, og blir delt på to fakturaer i året - ein med betalingsfrist i april og ein i oktober.

Trykk her for å lese meir om vatn og avløp.

Trykk her for å lese meir om feiing og tilsyn.

Trykk her for å gå til NGIR sine nettsider.

Har du spørsmål?

Når du tar kontakt med oss, vis til gards- og bruksnummeret på eigedomen din. Nummeret står på fakturaen.