HeimNyheiterKnarvikplan i endring

Knarvikplan i endring

Vil du vere med i arbeid med endring av Områdeplan Knarvik, Alver kommune?
Publisert: 02.09.2020
Sist endra: 02.09.2020

Då er du velkommen til informasjons- og dialogmøter om arbeidet med områdeplan Knarvik. Det pågår for tida høyring.

Trykk her for å sjå plandokumenta

På møta og kontordagen vil ein gå gjennom planarbeidet så langt, gje vegleiing om innspel og merknad til områdeplanen samt informera om det vidare arbeidet.

Områdeplanen er samansett og er utfordrande å gjennomføre og med endra føresetnadar er det naudsynt å endre planen. Denne endringa tar føre seg føresegna og målsetjinga er å betre rammene for gjennomføring.

Alver kommune er planeigar og arbeidet med endring vert gjennomført av Alver kommune. Planarbeidet vart starta opp av Lindås kommune og ført vidare av planutvalet i Alver kommune ved og leggje ut forslag til endring i møte 10.6.2020, og med frist for høyring 11. september.

Koronasituasjonen gjer at vi alle må ta omsyn. Dei som ynskjer å delta på informasjonsmøta må på førehand melde seg på. Maks antal deltakarar er 20 stk. og det må førast liste for oppmøte.

Det er sett opp to informasjonsmøte og ein kontordag.

Informasjons- og dialogmøte:

  • Tysdag 8. september kl. 18:00
  • Onsdag 9. september kl. 19:00
    Biblioteket i Knarvik senter


Open kontordag:

  • Torsdag 10 september kl. 09 – 15
    Innbyggjarservice i Knarvik senter


Bindande påmelding innan mandag 7. september kl. 15.00.


Påmelding: hans.kristian.dolmen@alver.kommune.no