HjemNyheiterFeide-leverandørar har fått utdelt fødselsnummer utan avtale

Feide-leverandørar har fått utdelt fødselsnummer utan avtale

Fødselsnummera har ikkje vore ope tilgjengeleg på nett på noko tidspunkt.
Publisert: 02.02.2024
Sist endra: 08.02.2024

Ein feil førte til at tenesteleverandørar fekk tilgang til fødselsnummer til brukarar som logga inn med Feide mellom 19. og 25. januar.

På landsbasis vart fødselsnummera til 595 000 personar delt utan avtale i denne perioden. Feilen vart retta 25. januar.

Det er 2513 personar i Alver som har fått fødselsnummeret sitt delt med ulike tenesteleverandørar. Det har vore 16 276 innloggingar i 42 ulike tenester via Feide i denne perioden.

Elevar og tilsette i oppvekstsektoren loggar seg inn med Feide i ulike digitale læringsressursar frå mellom anna Gyldendal og Cappelen Damm.

– Vi jobbar med å få oversikt over konsekvensar for brukerane våre. Vi er i dialog med Sikt - Kunnskapssektorens tjenesteleverandør for å få informasjon om kva tenester som har fått data, om data har vorte lagra eller ikkje, og om det er sletta, seier Kristin Moe, kommunalsjef for oppvekst i Alver.

Undersøker alle innloggingar

Så langt tyder undersøkingar frå Sikt på at dei fleste av dei delte fødselsnummera ikkje er blitt lagra hjå leverandørane, eller dei er blitt sletta.

Tysdag 6. februar kl. 14.30 er det bekrefta at 575 255 brukarar sine data, meir enn 96 prosent, enten ikkje vart lagra eller er sletta hjå leverandørane. Sikt jobbar med å kartleggje situasjonen for dei resterande 20 684 brukarane.

Alver kommune har meldt hendinga i kommunene sitt avvikssystem, og Sikt har varsla Datatilsynet.

Trykk her for meir informasjon om hendinga frå Feide. 

Har du som brukar innlogging via Feide spørsmål, kan du sende ein e-post til personvernombod Lars Erling Aarland: lars.erling.aarland@iktnh.no