Foreslår innsparingstiltak for 127 millionar kroner
I dag fekk formannskapet ein ny rapport frå konsulentselskapet PwC.
Rapporten handlar om tenestene til helse og omsorg, og peikar på innsparingstiltak for tilsaman 127 millionar kroner. Tiltaka er fordelt på følgjande tenester:
- Heimetenesta: 72,6 millionar kroner
- Sjukeheimstenesta: 33,9 millionar kroner
- Habiliteringstenesta: 11,1 millionar kroner
- Psykisk helse og rus: 2,6 millionar kroner
- Lege- og rehabiliteringstenesta: 1,3 millionar kroner
- Tiltak på tvers av tenesteområde: 5,3 millionar kroner
– Tøffe tiltak
–PwCutfordrar oss til å tenke nytt om måten vi leverer helse- og omsorgstenester på. Når vi samanliknar oss med andre kommunar, ser vi at nivået på mange av tenestene våre rett og slett er for høgt, seier kommunedirektør Christian Fotland.
Ein stor del av innsparingstiltaka til heimetenesta er knytt til vedtakstid, altså kor mange timar innbyggjarar får til ulik hjelp og helsetenester i heimen. Ifølgje PwC er snittet for liknande kommunar 2,7 timar i veka. I Alver er gjennomsnittleg vedtakstid 4,2 timar i veka. PwC foreslår at kommunen i første omgang reduserer dette til 3,5.Dette vil gi ei innsparing på om lag 30 millionar kroner.
– Dette er tøffe tiltak, både for innbyggjarar som får tenester frå oss og tilsette som jobbar i kommunen. Vi må justere nivået på tenestene våre, og sikre at innbyggjarane får den hjelpa dei har krav på, seier kommunedirektøren.
Felles utfordring
Alver kommune er ikkje åleine om å ha utfordringar med helse- og omsorgstenestene sine.Det er særleg to forhold som gjer at mange norske kommunar måta grep:
- Det blir stadig fleire eldre
- Det blir endå vanskelegare å få tak i helsepersonell
– Vi har jobba med dette i fleire år allereie i eit eige helse- og omsorgsprosjekt. Der har vi kartlagt korleis vi leverer tenester, og starta på jobben med å skildrekva tenestene våre skal innehalde i framtida. Dette betyr at vi er godt budde til å gjere endringar allereie frå hausten av, forklarar kommunedirektøren.
Dei nye tenesteskildringane skal sikre at innbyggjarane får like tenester, uavhengig av kor dei bur og får hjelp.
Endeleg vedtak til hausten
Torsdag 6. juni fekk formannskapet ein tilsvarande rapport for oppvekstsektoren med forslag til innsparingstiltak for 87 millionar kroner. I dei to rapportane peikar PwC på innsparingstiltak for til saman 214 millionar kroner.
Måndag 10. juni sendte kommunedirektøren sine forslag til strukturtiltak på barnehage og skule til levekårsutvalet. Onsdag 19. juni legg han fram sine forslag til tiltak innanfor helse og omsorg.
Etter dette skal politikarane bruke sommaren og hausten til å setje seg inn i og jobbe med forslaga dei har fått gjennom ulike rapportar og framlegg på både oppvekst og helse og omsorg.
Kommunestyret skal vedta tiltak på helse og omsorg 19. september. Tiltak på oppvekst blir vedtatt i kommunestyret 24. oktober.