HeimNyheiterFriluftslivets veke i Alver kommune

Friluftslivets veke i Alver kommune

Sjå nokon av dei kjekke aktivitetane som du kan vere med på under friluftslivet veke 5. - 13. september.
Publisert: 26.08.2020
Sist endra: 27.08.2020

Laurdag 5. september

Hengekøyetur

Kl.18.00, oppmøte Bøkeskogen, Seim.
Påmelding.
Arr.: Barnas turlag.

Natt i naturen

Under #nattinaturen er heile Noreg invitert til å sova ei natt ute i det fri. Les meir på nordhordland.dnt.no. Bruk emneknagg #nattinaturenalver eller #nordhordlandturlag på
Instagram. Premier frå Turlaget til dei beste bileta!

Søndag 6. september

Padletur

Kl. 10.00 oppmøte Io marina på Holsnøy.
Turen går til Ypsøy og Skarvøyna og til Herdla om fint ver. Påmelding.

Arr.: Nordhordland turlag.

Prøv deg på kajakk, SUP, packraft og discgolf

kl. 12.00-15.00, Badevika (Varnappen), Frekhaug.
Arr.: BUA Frekhaug, Kvernbit kajakklubb og Frekhaug diskgolf.

Tysdag 8. september

Guida tur til det tyske fortet på Marøy

Kl. 18.00, Marøy.
Under andre verdskrig var det tysk krigsfort i Knappen på Marøy, og russisk fangeleir på øya Forsøy like ved. Bli med på tur og høyr lokalhistorikar Vegard Toska fortelja om aktiviteten der under andre verdskrig.

Arr.: Alver kommune.

Onsdag 9. september

Tur til Øyjordsfjellet v/Landsvik

Kl. 18.00. Oppmøtestad, sjå Turlagets nettside.

Påmelding.
Arr.: Nordhordland turlag.

Prøv deg på kajakk, kano, SUP og packraft

Kl. 18.00-20.00, friluftsområdet ved Nesvatnet.
Arr.: BUA Manger og Keipane Kystlag.

Torsdag 10. september

Kajakkpadling Kjenes – Storevatnet/Treskallen

Kl. 18.00. Oppmøte Kjenes Bru, nord for Søreide.

Arr.: Nordhordland Turlag

Fredag 11. september

Natt i naturen

Sov ei natt ute i det fri.

Lørdag 12. september

Ta turen til Kalvedalshytta

Besøk DNT sitt hytteanlegg i Alver. Sengeplassar kan reserverast via ut.no.

Søndag 13. september

Familiedag med fiskekonkurranse

Kl. 12.30, Sæbøvågen.

Fiskekort kan kjøpast på Slippen kl. 11.30. Starten går kl. 12.30 på fiske. Fiske med stang eller snøre frå båt eller land. Startkontingent kr. 50.- enkel og 100.- for familie.

Arr.: Keipane kystlag.

Fisketur og -konkurranse for deg med innvandrarbakgrunn

Kl. 12.30, Sæbøvågen.
Registrering, lån av utstyr og kjøp av
fiskekort på Slippen frå kl. 11.30. Påmelding på tlf. 974 23 267 innan 7. september.
Arr.: Keipane kystlag.