HeimNyheiterFriskmelder badeplassar i Alver

Friskmelder badeplassar i Alver

No kan du trygt bade i Haltejohansvika, Løypetopa, Alverneset og Badevika.
Publisert: 08.07.2020
Sist endra: 08.07.2020

Alver kommune stengde tre badeplassar på Frekhaug og ein i Isdalstø fredag 26. juni etter at prøvar viste for høge bakterieverdiar. Etter to nye rundar med testing friskmelder no kommunen alle dei fire badeplassane.

– Alle testane visar at det er trygt å hoppe i vatnet, seier teknisk-hygienisk ingeniør i Miljøretta Helsevern, Grethe Elin Mjelde.

Ikkje kloakkutslepp

Årsaken til dei høge verdiane etter den første testrunden er framleis ukjent, men dei nye prøvane utelukkar kloakkutslepp.

– Vi har tatt andre typar prøvar i denne runden og ikkje funne bakteriar som kan tyde på utslepp frå kloakk eller liknande. Bakteriane vi fann i første runde er bakteriar vi kan finne i naturen. Det er ikkje vanleg å bli sjuk av slike bakteriar, seier Mjelde.

Trygt i heile Alver

Med resultatet frå dei siste prøvane, er kvaliteten på alle badeplassane i Alver «god».

– I år har vi testa vasskvaliteten på 42 badeplassar i kommunen, seier Mjelde.

Desse badeplassane har vi testa:

  • Alverneset
  • Badevika
  • Byngja, Bøvågen
  • Bøtjørna, Bøvågen 
  • Eidavika, Håøy
  • Fisketangen, Seim
  • Fløksand
  • Furvågane, Ostereidet
  • Hallandsvatnet
  • Haltejohansvika
  • Hestnesvatnet
  • Hillandsvatnet 
  • Hjelmås kai
  • Kuvågen
  • Kvamsvågen
  • Kvernhusvika, Eknes
  • Litlevågen, Fyllingsnes
  • Løypetona
  • Mangersholmane, Toska
  • Munkevika, Hella
  • Myking
  • Mykingsvatnet, Manger
  • Nautevågen, Fanebust
  • Nesvatnet, Manger
  • Saltnesvika, Lindås
  • Skjelanger
  • Skjelvika, Vabø
  • Skutevika, Mangersnes
  • Sletta kai
  • Smineset, Litlebergen
  • Snekkevika, Sletta
  • Solheimsvika, Austmarka
  • Spjeldneset, Lindås
  • Sæbøvågen, Radøy
  • Tjukkhetlevatnet, Lindås 
  • Trettholmen, Toska
  • Trælandsvåg, Hundvin
  • Vahaugen bustadfelt, Eikangervåg
  • Vallevika, Seim
  • Vetås kai
  • Vågenes Camping
  • Vågseidestranda, Lindås