HeimNyheiterHjelpetiltak til koronautsette i full sving

Hjelpetiltak til koronautsette i full sving

Alt to dagar etter at tilbodet kom på plass, hadde frivillige vore i sving i 12 timar med handling og levering av varer til koronautsette.
Publisert: 24.03.2020
Sist endra: 24.03.2020

Tore Henriksen, Ilse Henriksen, Jan Helge Bere, Glenn- Michael Blomvågnes og Astrid Herland er i full sving med å handle og levere varer til koronausette. Fotograf: Nils Vidar Hopland.

- Det har vore grei etterspurnad, fortel styreleiar i Nordhordland Røde Kors, Stig Krossøy Nordvik. Det er frivilligsentralane i Austrheim og Alver, Nordhordland Røde Kors og lokale sanitetsforeiningar som står bak tilbodet. Dei handlar inn, og fraktar daglegvarer, apotekvarer og andre naudsynte leveringar til koronautsette. Tilbodet gjeld personar som ikkje har naboar, familie eller andre som kan gjere ærenda for dei.

Viktig avlasting

I tillegg til å køyre ut til enkeltpersonar som anten er i karantene, eller ikkje kjem seg ut av andre årsaker knytt til koronasituasjonen, tek dei frivillige oppdrag for heimetenesta.

- Her avlastar vi ei teneste som er råka av at enkelte av dei tilsette er i karantene, forklarar Nordvik.

Det nyoppstarta tilbodet har 40 frivillige som står klare til å gjere ein innsats.

- Røde Kors er ein beredskapsorganisasjon som heile tida har i tankane kva vi kan gjere for å bidra ved uforutsette hendingar. Vi har beredskapsavtaler med kommunane i Nordhordland, så då vi blei kontakta av kommunane for å hjelpe til med dette tilbodet var vi godt førebudd, seier Nordvik.

Fokus på hygiene og tryggleik

Nordvik understrekar at det er viktig med fokus på trygge rammer kring frivillig arbeid.

- Vi har strenge rutinar for handhygiene før og etter handling på butikk, og dei frivillige skal ikkje vere i direkte kontakt med dei som er i karantene, utdjupar han.

Koronasituasjonen kan dessutan føre til at enkelte er meir isolerte enn før, og sit åleine med bekymringar. Difor er det også oppretta eit tilbod om lokal ringeven. Her blir ein sett i kontakt med frivillige ringevener frå Nordhordland Røde Kors Omsorg. 

FAKTA:

  • Hjelp til varekjøp- og levering for korona-utsette Alver og Austrheim kommune tilbyr handlehjelp til personar som må halde seg heime grunna koronaviruset. Innbyggjarar kan ta kontakt via e-post, telefon eller skjema på www.alver.kommune.no, så vil frivilligsentralane i Austrheim og Alver, Nordhordland Røde Kors og lokale sanitetsforeiningar handle inn og frakte daglegvarer, apotekvarer og evt. andre naudsynte leveringar.
  • Tilbodet gjeld personar som ikkje har naboar, familie eller andre som kan gjere ærenda for dei.
  • Ein også velkomen til å ta kontakt dersom ein treng nokon å snakke med og ønskjer ein lokal ringeven. Her vert ein sett i kontakt med frivillige ringevener frå Nordhordland Røde Kors Omsorg. Om ein sender førespurnad på e-post, er det viktig at ein får med namn, adresse, telefonnummer og kva ein treng hjelp til.
  • Alver kommune E-post: hjelpeinnsats@alver.kommune.no Telefon, måndag– fredag kl. 11:00–15:00: 56 17 10 77 Skjema på nettside: www.alver.kommune.no/innhald/korona/treng-du-hjelp