HeimNyheiterGjeldande karantenereglar for born og unge i Alver

Gjeldande karantenereglar for born og unge i Alver

Frå 17. september kan barn og ungdom som er nærkontaktar til ein smitta person gjennomføre hurtigtest og halde fram i barnehage og skule.
Publisert: 17.09.2021
Sist endra: 17.09.2021

Det betyr at barn og ungdom som er nærkontaktar til ein koronasmitta ikkje treng å gå i karantene, men kan halde fram i barnehage, på skule og med fritidsaktivitetar dersom dei følgjer Alver kommune si retningsline for testing av barn og unge.

Klikk her for å lese heile infoskrivet som er sendt til føresette om korleis barn og unge kan teste seg ut av karantene.

Desse får hurtigtest

  • Barn i barnehage og elevar i grunnskulen. Dersom nokon på avdelinga eller i klassen er smitta av korona, vil de få informasjon frå barnehagen/skulen om utlevering av hurtigtest til barnet/eleven. Hurtigtestar blir delt ut via barnehagen/skulen, dersom det er ein person knytt til barnehagen/skulen som er smitta.
  • Elevar ved Knarvik vidaregåande skule.
    Ungdom ved Knarvik vidaregåande skule får tilbod om å ta sjølvtestar på skulen dersom dei er nærkontakt til ein person som er smitta av korona.

Her finn du rettleiing til korleis gjennomføre hurtigtest.

Unntak

Dersom eit medlem i husstanden har testa positivt for koronavirus må heile karantenen gjennomførast som normalt, og barnet/ungdommen kan ikkje få unntak frå karantene.

Innreisekarantene må også gjennomførast i sin fulle lengde.