HeimNyheiterGratis sykkelservice

Gratis sykkelservice

Her kan du få service

  • Knarvik: 21. september kl. 14-17 – Knarvik senter, ved Big Bite 
  • Frekhaug: 29. september kl. 17-19 – Den gamle brannstasjonen mellom kommunehuset og barnehagen
  • Manger: 30. september kl. 17-19 – Radøy ungdomsskule
  • Lindås: 01. oktober kl. 17-19 – Lindås barneskule

Kva kan du få hjelp til?

Treng du å få justert bremser og gir, eller kanskje smørje kjeda? Møt opp og få sykkelen i stand.

Ein proff mekanikar utfører enkel service på sykkelen din – heilt gratis!

Vi utfører ein enkel service, ikkje reparasjonar.

Kvifor arrangerer vi gratis service?

Vi håpar at gratis sykkelservice kan skape meir engasjement kring sykling og bidra til av fleire syklar meir i Alver.

At fleire skal sykle meir i Alver, er målet til sykkelstrategien som er under utarbeiding. Sykkelstrategien er del av kunnskapsgrunnlaget til kommuneplanen sin samfunnsdel.

På sykkelservicedagane ønskjer vi å få innspel til arbeidet for dei som syklar, i tillegg til kommuneplanen sin samfunnsdel, og inviterer innbyggjarane til å komme med innspel. 

Sykkelstrategien er delfinansiert av Vestland fylkeskommune og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

På arrangementet i Knarvik er det Miljøløftet som tilbyr gratis sykkelservice i forbindelse med den Europeiske mobilitetsveka. Kommunen er også representerte, for å prate om sykkel med innbyggjarane og for å få innspel.


Sist oppdatert: 18.09.2020
Publisert: 16.09.2020