HjemNyheiterHar du spørsmål til politikarane våre?

Har du spørsmål til politikarane våre?

I starten av kommunestyremøtet 22. februar er det sett av tid til å svare på spørsmål frå innbyggjarane.
Publisert: 16.02.2024
Sist endra: 16.02.2024

Møtet kan du sjå direkte eller i opptak på kommuneTV.

Kva kan du stille spørsmål om?

  • Spørsmål må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse.
  • Spørsmåla må ikkje vere knytt til saker under handsaming same møtedag.
  • Det kan ikkje takast opp spørsmål som er unnateke offentlegheita eller er under ordinær klagebehandling.

Trykk her for å sjå møteplan.

Korleis sender du inn spørsmål?

  • Spørsmål sender du til post@alver.kommune.no
  • Merk e-posten med «Spørjetime»
  • Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 20. februar klokka 9.

Kommunestyremøtet er i Helsehuset i Knarvik og startar klokka 9.00.

Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen, på 47 46 41 45, dersom du har spørsmål om gjennomføringa.

Trykk her for å sjå møtet direkte eller i opptak på kommuneTV.