HeimNyheiterHar laga eigne stolpevettreglar for Alver

Har laga eigne stolpevettreglar for Alver

– Vi har rekordmange på stolpejakt i år. Med så mange på tur, har vi behov for å lage nokre køyrereglar som vi håpar turgåarane vil følgje.

Dette seier dagleg leiar i Knarvikmila, Trond Andal og kulturrådgjevar i Alver kommune, Bente Kopperdal Hervik.

Dette er stolpevettreglane

  1. Følg stien – ikkje gå fleire i breidda.
  2. Gå ein annan tur om det er full på parkeringsplassen.
  3. Ha hundar i kort line.
  4. La beitedyr og andre dyr få vere i fred.
  5. Lat att alle grinder

Vis omsyn

– Vi er takknemlege for responsen og trur Stolpejakten gjer oss ekstra godt i ei tid der organisert idrett og aktivitet er sett på vent, men vi oppmodar alle å følgje stolpevettreglane når dei er ute, seier Andal.

Det er særleg viktig å ta omsyn til lam og sauer på beite. Det er også viktig at folk snur og finn ein annan tur om parkeringsplassen dei kjem til er full.

Gå andre turar

– Med så mange på tur blir slitasjen på turstiar og belastninga for grunneigarar og dei som bur nær stiane større enn vi hadde rekna med, seier Hervik.

Andal og Hervik oppmodar difor folk om å ta seg god tid med turane i stolpejakten og gå andre turar innimellom.

– Vi har mange flotte turar og turområde i Alver kommune. Det ligg allereie mange turskildringar på ut.no, og vi kjem til å dele fleire turar her framover, fortel Hervik.

Gå til ut.no.


Sist oppdatert: 27.04.2020
Publisert: 27.04.2020