HeimNyheiterHepatitt c-bussen kjem til Knarvik

Hepatitt c-bussen kjem til Knarvik

26. og 27. august kjem hepatitt c-bussen til Knarvik. Kjenner du nokon i risikogruppa? Tips dei om tilbodet.
Publisert: 10.07.2020
Sist endra: 10.07.2020

Bussen er ein del av arbeidet med å eliminera hepatitt C som infeksjonssjukdom i Noreg.

Kvar og når?

Bussen vil stå parkert utanfor Nordhordlandshallen og det vil vere mogleg å komme og testa seg:

  • onsdag 26. klokka 11.00 – 15.30
  • torsdag 27. klokka 09.00 – 14.00

Kven er tilbodet for?

Målgruppa for bussen er i hovudsak personar som tar, eller har tatt, rusmiddel med sprøyte.

Tilbodet har blitt til i eit samarbeid mellom Helsedirektoratet og proLAR. I bussen vert brukarane testa, og for dei aktuelle, blir behandlinga etterkvart initiert på lokalt sjukehus.

Rusteamet i kommunen har ansvaret for oppfølginga av brukarane under behandlinga.

Ta kontakt

Kjem du i kontakt med, eller veit du om nokon som er i risikogruppa, snakk med vedkomande og gi dei tilbodet. Vi ønskjer at dei som kjem er registrert på førehand, men det er og mogeleg for personar som ikkje ønskjer å registrere seg å kome.

Ta kontakt med Linda Olsen Vågenes, psykiatrisk sjukepleiar og ruskoordinator for registrering eller om du har spørsmål.

Trykk her for å lese meir om tilbodet.