HeimNyheiterHer er den nye Alvergenseren

Her er den nye Alvergenseren

- Alvergenseren er for alle som likar seg ute, anten det er ved kysten eller på dei mange fjelltoppane. Genseren er ein robust og slitesterk genser, og eg gler meg til å ta den i bruk, sa ordførar Sara Hamre Sekkingstad då ho fredag presenterte Alvergenseren.
Publisert: 17.10.2020
Sist endra: 17.10.2020

Modell Trine Molland i Alvergenseren, designa av Kjersti Isdal

Modell Jimmy Erstad i Alvergenseren

Etter nokre utsetjingar grunna korona, kunne endeleg Alvergenseren presenterast under opninga av Ullveka i Knarvik senter fredag. Alvergenseren vart til etter ein idé frå Alver kommune. I samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk og Nordhordland Husflidslag vart det arrangert ein designkonkurranse, der alle strikkeglade kunne delta. Ønsket med genseren er å skape felles identitet og begeistring for Alver kommune, samt å fremje handverkstradisjonar. Vinnarbidraget er designa og strikka av Kjersti Isdal, og fredag kunne ho ta imot blomar og premien på 10 000 kroner.

Kortreist, lokal og berekraftig

Kjersti Isdal har hatt ein klar tanke med kva ho ville då ho designa mønsteret som til slutt stakk av med førstepremien i designkonkurransen. Stikkord er kortreist, lokal og berekraftig.
- Mønsteret speglar naturen i Alver: åsar, fjell, haugar, holmar, bøar, bakkar og berg utmed havet. Mønsteret har i tillegg element frå kommunevåpena til dei gamle kommunane: navaren, keipen og lindebladet. Hovudfargen er grå, inspirert av steinmurane i kulturlandskapet vårt. Alvergenseren er designa i naturlege fargar – «rett frå sauen», er Isdal si eiga forklaring på symbolikk i mønster og design.

Tidlaust plagg

Fagjuryen som bestod av Hege-Therese Nilsen, Arild Hagenes, Vigdis Valde og Berit Løkken, har sett etter eit plagg som kan famne mange og vere tidlaust.
«Vinnarbidraget har eit design som kan passe til dame, herre og barn, og som kan skrivast til luer og vottar og som kan klippast opp å bli jakke. Den er ikkje så vanskeleg å strikke og den har klassiske kofte-element i seg,» heiter det i grunngjevinga.

Speglar særpreget og identiteten til Alver

Juryen trur at mønsteret kan halde seg over tid og overleve ulike periodar og trendar, og seier følgjande om genseren:
«Fagjuryen likte godt korleis designaren har forma dei ulike elementa frå kommunevåpena inn i bordane og syns det er ei god måte å seie noko om kven vi er og kvar vi kjem ifrå. Designaren har fått til ein god integrasjon av dei ulike elementa i bordane. Borda med lindeblada kan ein like godt sjå som ei rad av hjarter som kan symbolisera hjarterom, varme og omtanke. Fagjuryen ser det slik at genseren har i seg både identiteten og særpreget til den nye kommunen.»
Fagjuryen tok og omsyn til kva folkejuryen hadde stemt fram når dei jobba med bedømminga.
Modellane Andrea Savannah Kolstad Mo og Daniel Kolstad Mo viste fram genserane på scena, og ordføraren nytta også høve til å takke modellane som prydar omslaget på strikkepakkane; Trine Molland og Jimmy Erstad.