HeimNyheiterOpna hjartesone for tryggare skuleveg

Opna hjartesone for tryggare skuleveg

Onsdag opna ordførar Sara Hamre Sekkingstad Alver kommune sin fyrste hjartesone ved Grasdal skule.
Publisert: 06.05.2022
Sist endra: 06.05.2022

Ein hjartesone rundt skulen gjer det sikrare for elevane å gå eller sykle. Mindre biltrafikk og tryggare stopp- og hentesoner er bra for alle.

Grasdal skule har no fått den fyrste hjartesona i Alver. Hjartesona vert gjennomført som ein haldningskampanje kring skulen i mai månad. Føremålet er å redusere talet på bilar i skulen sitt nærområde.

- Det er oppretta droppsonar for levering utanfor hjartesona og det vert arrangert gåkonkurranse og sykkelkurs for elevane, fortel Alexander Helle, FAU-leiar ved Grasdal skule

Initiativet kjem frå foreldreutvalet på skulen med økonomisk bidrag frå Vestland fylkeskommune og med hjelp og gode råd frå Alver kommune og Trafikkfagleg samarbeidsutval i Nordhordland.  

Trykk her for meir informasjon om hjartesone på tryggtrafikk.no

Til stades var mellom anna:

  • 144 elevar frå Grasdal skule
  • Førskuleklassen frå Martahaugen barnehage
  • Sara Hamre Sekkingstad, ordførar
  • Irene Hystad Hugaas, rektor Grasdal skule
  • Ingvild Moen, tenesteleiar skule i Alver kommune
  • Tor Steinar Høyland, Vestland fylkeskommune
  • Nils Medaas, Trafikkfagleg samarbeidsutval (TSU)
  • Alexander Helle, leiar FAU Grasdal skule
  • Foreldre

Politi var til stades og sørga for at arrangementet gjekk føre på ein trafikksikker måte.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad klipper snora til hjartesona