HjemNyheiterHugs fristen for å søkje barnehageplass

Hugs fristen for å søkje barnehageplass

Du må søke innan 1. mars for å vere med i hovudopptaket.
Publisert: 18.01.2023
Sist endra: 18.01.2023

Trykk her for meir informasjon om korleis du søkjer. 

Har du rett på plass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars.
  • Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Kva gjer du om barnet ditt har prioritet?

Vi skal prioritere barnehageplass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • Barn med nedsett funksjonsevne.
  • Barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd.

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Du kan laste opp dokumentasjonen når du sender barnehagesøknad. Du kan også ettersende dokumentasjonen digitalt med sikker elektronisk post eller som brev med posten.

Trykk her for å sjå korleis du sender sikker elektronisk post til kommunen.  


Postadressa vår er:

  • Alver kommune, Oppvekst
  • Postboks 4
  • 5906 Frekhaug

Lurar du på noko?

Har du spørsmål om opptaket kan du ta kontakt med rådgjevar Mette Marei Træland på telefon 97 15 96 40.

Du kan og ringe sentralbordet på telefon 56 37 50 00. og be om å snakke med tenesteleiar for barnehage Mona Hagewick.