HeimNyheiterInfluensavaksina kjem i slutten av oktober

Influensavaksina kjem i slutten av oktober

Influensavaksinering av risikogruppene byrjar i slutten av oktober.
Publisert: 24.09.2020
Sist endra: 14.10.2020

Vaksinane kjem til legekontora tidlegast 20. oktober. Det er difor ikkje naudsynt å kontakte fastlegen din enno for influensavaksinering.

Regjeringa har vedteke at alle influensavaksinar er øyremerkt risikogruppene fram til 1. desember. Vaksinering skjer tidlegast 20. oktober, og heldt fram i november og desember.

I år blir det ikkje «drop in» på legekontora. Ein må vente med å ta kontakt med legekontora for å setje seg opp til vaksinering. Meir informasjon om dette kjem her på sida når det er klart.

Ver merksam på at fastlegen ikkje kan skrive ut resept til dei som ikkje er i ei av risikogruppene.

Berre risikogrupper og helsepersonell med pasientkontakt kan få influensavaksine før 1. desember.

Risikogrupper

Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og bør difor ta influensavaksine:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal og få tilbod om vaksine.
  • Born og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjarte-/karsjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Andre målgrupper

I tillegg er influensavaksine tilrådd følgjande grupper, primært for å beskytte andre:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar