Informasjon om streik i Alver

Ingen av lærarane i grunnskulane i Alver er tatt ut i streik.
Publisert: 20.09.2022
Sist endra: 20.09.2022

Vi får ein del spørsmål om streik på skulane i Alver.

Svaret er at:

Kommunen får beskjed på førehand om streiken blir opptrappa og lærarar i Alver kommune blir tatt ut.

Dersom dette skjer, vil vi oppdatere denne saka og informere foreldre med barn på dei aktuelle skulane.

På nettsida til KS kan du følgje med på kor lærarorganisasjonane streikar.