HeimNyheiterInformasjonsmøte, områdeplan for Dalstø-Mjåtveitstø

Informasjonsmøte, områdeplan for Dalstø-Mjåtveitstø

Velkommen til informasjonsmøte om arbeidet med områdeplanen for Dalstø-Mjåtveitstø.
Publisert: 05.06.2020
Sist endra: 05.06.2020

Føremålet med reguleringsarbeidet er å leggje til rette for ein variert busetnad med tilhøyrande infrastruktur, samt å etablere ein gards- og friluftsbarnehage og barneskule innanfor planområde. Det vert lagt opp til tilkomst både frå Dalstø og Mjåtveit.

Trykk her for å sjå plankart

Furefjellet AS er tiltakshavar i samarbeid med Alver kommune. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Formannskapet i gamle Meland kommune vedtok oppstart av planarbeid i møte 20. september 2017. Planarbeidet blei varsla med brev av 16.10.17 til naboar og offentlege instansar.

Planavgrensinga blei utvida og endra sommaren 2018. Plangrensa i nord og langs Fylkesvegen vart utvida for betre å kunne tilpasse framtidig utbetring av veg og avkøyrsle til Mjåtveitstø. Plangrensa i sør vart trekt bort frå sjøen og frå garden Mjåtveitstø.

På informasjonsmøtet vil ein gå gjennom planarbeidet så langt og informera om den vidare planprosessen. Både plankonsulent og sakshandsamarar frå kommunen vil delta.

På grunn av koronasituasjonen må alle som ynskjer å delta på informasjonsmøtet melde seg på førehand, slik at ein held seg innanfor maksimalt tal på deltakarar og i tråd med Helsedirektoratets retningsliner. Det leggast opp til fleire informasjonsmøte og vi vonar at alle finn eit tidpunkt som passar:

  • Måndag 15. juni kl. 13
  • Tysdag 16. juni kl. 19
  • Onsdag 17. juni kl. 19

Bindande påmelding innan fredag 12. juni.

Påmelding til: merethe.tvedt@alver.kommune.no

Alle møte vil haldast i kommunehuset på Frekhaug.

Hjarteleg velkommen!

Ope kontordag vil verte arrangert innan utgangen av juni.