HeimNyheiterJordvernprisen til Alver og Austrheim

Jordvernprisen til Alver og Austrheim

Den nasjonale jordvernprisen 2021 vart i dag gjeve til Austrheim- og Alver kommune saman med Norsk Landbruksrådgiving Vest.
Publisert: 03.09.2021
Sist endra: 03.09.2021

Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad stod for prisutdelinga på Frekhaug.

Den nasjonale jordvernprisen er eit tiltak for å styrka jordvernet. Jordvernprisen skal bidra til å gjeva auka merksemd om jordvernet, og få fram gode idear og eksempler på tiltak, planar og strategiar for å ta vare på dyrka mark. Det er Landbruks- og matdepartementet som kvart 2. år deler ut den nasjonale jordvernprisen.

Ordførarar Per Lerøy (Austrheim) og Sara Hamre Sekkingstad (Alver) kunne stolte ta imot prisen fredag.

Tre gardbrukarar frå regionen og tilsette frå Alver kommune, felles landbrukskontor, Region Nordhordland, NLV, Statsforvaltaren i Vestland og Landbruks- og matdepartementet deltok også.

Prosjektet som har gjeve prisen heiter "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda"

Store utbyggingsprosjekt til næring og bustadbygging i regionen gjev store overskot av jord- og steinmassar. Ein del av desse massane er verdifulle ikkje-fornybare massar som det er felles interesse av å ta vare på. Målet til prosjektet i Nordhordland har vore å bidra til at massar frå utbygging vert nytta som ressurs for matproduksjon/landbruk og samfunn på ein måte som førebygg konfliktar med innbyggjarar og miljøet. I løpet av prosjektperioden har det vore ulike tiltak og aktivitetar:

  • Laga rettleiar til bruk innan offentleg forvalting
  • Arrangert kurs og seminar for bønder, entreprenørar og rådgjevarar
  • Laga film- og informasjonsmateriell
  • Halde føredrag og informasjonsarbeid

Trykk her for å lære meir om prosjektet