HeimNyheiterJublar over folketalsauke

Jublar over folketalsauke

– Det er gledeleg å sjå at Alver er ein kommune i vekst, seier varaordførar Øyvind Oddekalv.

I første kvartal 2020 har Alver kommune ein prosentvis vekst som markerer seg i Bergensregionen, med større vekst enn både Bjørnafjorden, Askøy, Øygarden og Bergen.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad er godt fornøgd med ei folketalsvekst på 72 personar ved den første teljinga til Alver.

– Vi jobbar for at Alver skal vere ein attraktiv kommune å bu og vekse opp i, og ønskjer tilflyttarar hjarteleg velkommen til oss, smiler Sekkingstad.

Øyvind Oddekalv og Sara Hamre Sekkingstad er strålande fornøgde med resultata frå SSB si nyaste folketalsmåling. Foto: Ingunn Gjærde/Alver kommune


Sist oppdatert: 28.05.2020
Publisert: 28.05.2020