HeimNyheiterKlart for kunstutstilling hjå innbyggjarservice

Klart for kunstutstilling hjå innbyggjarservice

Teknikkane er mange og uttrykka er varierte – nett slik som innbyggarane i Alver kommune. 

I den fyrste utstillinga møter vi kunstnarane Marianne Kalnes, Kari-Anne Kvammen og Jan Røssang.

Om kunstnarane:

Marianne Kalnes (1981) bur på Meland, men er født og har vakse opp i Knarvik. I Knarvik tok ho teikning, form og farge på vidaregåande. Dei siste seksten åra har Kalnes arbeidd som politi, men i 2018 tok ho opp att penselen etter langvarig målingstørke. Førespurnadane vart etter kvart mange og ho oppretta eit eige firma som hovudsakleg driv med kommisjonsoppdrag. Kalnes hentar inspirasjon frå naturen, ofte lokalt, og har utvikla eit lidenskapleg forhald til soloppgang og solnedgang. Gjennom måleria ynskjer Kalnes å formidle ro og positiv energi. Sjå fleire arbeid på nettstaden: www.mariannekalnes.com og på Facebooksida Marianne Kalnes Artwork.

Kunst av Marianne Kalnes

Kari-Anne Kvammen vart født i Tromsø i 1950. Frå 1962 til 1977 budde ho i Stockholm og Vesterålen. I 1977 byrja ho på formingslinja ved Møre folkehøgskule i Ørsta. Kvammen er utdanna agronom ved Kleiva Landbruksskule og Sortland- og Stend Jordbruksskule. Seinare har ho arbeidd som jordbruksavløysar og drive eigen gard i Lindås kommune fram til 2005. Før ho gjekk av med pensjon var ho å finne som kantinearbeidar på rådhuset i Knarvik. Kvammen har brukt hendene til hardt arbeid heile livet, men vart 60 år før ho rørte ved ein pensel – no kan du få sjå kva som har skjedd sida den gong.

Kunst av Karianne Kvammen

Jan Røssang vart født i Bergen i 1953 og vaks opp i Alverstraumen. Røssang har arbeidd som serviceteknikkar for redningsmateriell på marinefartøy, skip og oljeriggar. No bur han på Stranda i Lindås, der han mellom anna har drive med birøkt, sjarkfiske og arbeidd i oppdrettsnæringa. Røssang byrja å måle for om lag fem år sida. Naturen er hans største kjelde til inspirasjon, det vere seg stupbratte hjortelier eller vakre kystlandskap. Bilete og motiv kom til han fleire netter under REM-søvn, og til slutt måtte dei få falde seg ut på lerretet. Utan formell utdanning innan kunsten, byrja Røssang å eksperimentere med ulike reiskap og teknikkar på eiga hand. Røssang har gjømt måleria sine på loftet, men då han leste ei oppmoding i avisa om å gripe sjansen, var det no eller aldri!

Kunst av Jan Røssang

Datoar for utstillingane:

Dei ulike utstillingane vil finne stad på følgjande dato, med ei markering på opningsdagen torsdagar kl. 17:

  • Torsdag 15. oktober - 10. november 2020
  • Torsdag 12. november - 8. desember 2020
  • Torsdag 10. desember 2020 - 5.januar 2021
  • Torsdag 7. januar - 2.februar 2021
  • Torsdag 4. februar - 2. mars 2021
  • Torsdag 4. mars - 30. mars 2021


Utstillinga kan elles sjåast i opningstidene til kundesenteret.

For meir informasjon om kjøp av kunst, ta direkte kontakt med kunstnarane. Kontaktinformasjon får du på kundesenteret.

Vil du å vere med som utstillar?

Ta kontakt med sigrid.fivelstad@alver.kommune.no for påmelding.


Sist oppdatert: 09.10.2020
Publisert: 09.10.2020