HeimNyheiterKommunestyremøte 20. februar

Kommunestyremøte 20. februar

Byvekstavtalen vart vedteken med følgjande fem merknadar:

  • Kollektivtransport: Alver kommunestyre legg til grunn at auka ruteproduksjon i kollektivtilbodet og reduserte prisar på kollektivreiser skal koma heile avtaleområdet til gode, og ikkje berre i Bergen kommune. Skal nullvekstmålet nåast, er det avgjerande med eit godt og rimeleg kollektivtilbod i heile avtaleområdet.
    Difor må busstilbodet styrkast også i distrikta/bygdene, snøggbåtsambandet Knarvik – Frekhaug – Bergen må ha same takstnivå som buss, rutefrekvensen på dette snøggbåtsambandet må aukast og det bør opprettast ringbussrute i området Alversund – Knarvik - Frekhaug.
  • E 39 Klauvanset – Vågsbotn: Viser til pkt. 3 i byvekstavtalen (finansiering) og vedlegg 6. Alver kommunestyre konstaterer at avtalepartane har prioritert E39 Vågsbotn-Klauvaneset framfor E16 Ringveg Øst Arna-Vågsbotn i Nasjonal Transportplan 2022 – 2033.
    Alver kommunestyre legg til grunn at dette blir følgd tett opp, og at denne prioriteringa blir stadfesta i NTP for perioden 2022 -2033.
  • Programområdemidlar og belønningsmidlar: Alver kommunestyre legg til grunn at programområdemidlane og belønningsmidlar kan nyttast i heile Alver kommune.
  • Areal: Alver kommune føreset at strukturen for bustadbygging i gjeldande kommuneplan sin arealdel (KPA) for Lindås, Meland og Radøy kva gjeld fordeling av avsett bustadareal mellom regionsenter/nærsenter/tettstader og LNF-spredt er innanfor intensjonen til byvekstavtalen og øvrige styringsdokument, og at denne strukturen kan følgjast ved rullering av KPA.
  • Nullvekstmålet: Alver kommune legg til grunn at definisjonen av nullvekstmålet blir endra ved reforhandling av avtalen. På dei fleste vegar internt i Alver er det ikkje kapasitetsproblem. Nullvekstmålet bør her gå på utslepp, ikkje talet på bilar. Alternativt bør nullvekstmålet avgrensast i avtaleområda til regionsenterområda og inn mot Bergen.

Opptak frå direktesendinga

(Oppe i høgre hjørne under "playlist" kan du velje kva sak du vil sjå.)

Klikk her for å sjå heile sakslista. 

Om byvekstavtalen

Byvekstavtalen er eit verktøy for å nå nullvekstmålet som Noreg har forplikta seg til. Avtalen er eit forpliktande samarbeid om å finansiere meir miljøvenlege transporttilbod i storbyområda.

Avtalepartane er Samferdsledepartementet (SD), Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Øygarden og Bjørnafjorden.

Avtalen er ikkje gjeldande før alle lokale avtalepartar har fatta politiske vedtak, og avtalen har vore handsama av regjeringa. Den økonomiske ramma som føreligg føreset at samtlege partar sluttar seg til avtalen.

Meir om byvekstavtalen kan du lese her. 


Sist oppdatert: 19.04.2020
Publisert: 20.02.2020