Ønskjer du å sjå på dei digitaliserte arkiva til kommunen?
Dei har no ordna, registrert og utarbeidd arkivkatalogar for alle eigarkommunane for perioden 1837 til 1965.
Kvart år får Interkommunalt arkiv Hordaland (IKA) statistikk frå Arkivverket over talet på visningar av materialet som er publisert til Digitalarkivet. Tala viser at IKA Hordaland er den institusjonen som har skanna og tilgjengeleggjort mest materiale i Digitalarkivet.
- Trykk her for meir informasjon hjå IKA Hordaland.
- Trykk her for meir informasjon om Alver kommune på Digitalarkivet i 2021.
- Trykk her for å søkje direkte i Digitalarkivet.
Her finn du også informasjon om korleis ein går fram dersom ein treng tilgang til sperra digitalt arkivmateriale hjå Digitalarkivet.