HjemNyheiterMange barn treng fosterheim - kom på infomøte

Mange barn treng fosterheim - kom på infomøte

Omlag 50 barn i Vestland treng ein ny, trygg heim. Bli med på digitalt informasjonsmøte med Siv Merethe og June tysdag 18. april klokka 20.00, og finn ut kva det inneber å vere fosterheim.
Publisert: 13.04.2023
Sist endra: 13.04.2023

I Vestland er det over 1000 fosterheimar. 

Når dei som er fosterheim fortel kvifor dei har opna hjartet og heimen for eit barn, svarar mange:

«Vi ønskjer å hjelpe eit barn som treng hjelp».

Andre svarer:

«Det gir oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg.» 

Stadig nye barn treng ein fosterheim. På det digitale informasjonsmøte får du vite meir om kven barna er, og kva det inneber å vere fosterheim.

Møtet tar omlag ein time, og du får moglegheit til å stille spørsmål.  

Trykk her for meir informasjon og skjema for påmelding.