HeimNyheiterMongstad skal bli meir attraktiv for globale investeringar

Mongstad skal bli meir attraktiv for globale investeringar

Korleis styrke Mongstad si konkurranseevne for investeringar i den globale prosessindustrien fram mot 2050? Det var tema då representantar frå ekspertgruppa Vertskapsattraktivitet frå Prosess 21 var på synfaring på Mongstad 10. januar.
Publisert: 15.01.2020
Sist endra: 19.04.2020

Regjeringa ønskjer berekraftig vekst i industrien og har oppretta samhandlingsforumet Prosess21. Prosess21 er eit gruppearbeid der ekspertane i norsk prosessindustri skal gi anbefalingar om korleis vi best kan få til minimale utslepp i industrien parallelt med berekraftig vekst.

Ekspertgruppa fekk ei synfaring rundt på Mongstad-området av Asset Buyout Partners, ved Kjell Stople. Her fekk ekspertgruppa ei omvising i dei enorme næringsareala og investeringane på Mongstad som har skapt ny industriaktivitet og grøne teknologiinvesteringar, blant anna landstraumanlegget.

Frå venstre: Ordførar i Austrheim Per Lerøy (Ap), Baste Tveito Nordhordland Næringslag, Vidar Totland Invest in Bergen, Tove Hagenes Alver kommune, Per Stensland Prosess 21 (Invest in Norway), Finn Kristian Aamodt Prosess 21 (Invest in Norway), Tone Hartvedt Invest in Bergen, Benedicte Fasmer Waaler Prosess 21 (Invest in Norway), Tanja Hoel Alver kommune. Stian Lavik var ikkje til stades då biletet vart teke.

Investerer i infrastruktur

Leiar for næring og utvikling i kommunen, Tanja Hoel, fortalde om korleis kommunen har vore ein tilretteleggjar for petroleumsindustrien på Mongstad. Alver har gjort store investeringar i infrastruktur på Mongstad. Det var difor naturleg å avslutte synfaringa med ein rundtur på Storemyra Næringspark og lunsj på Litlås Vannverk.

Prosess 21 er ein viktig aktør i arbeidet med statleg næringspolitikk og utviklinga av berekraftige lokalsamfunn. 

– Alver kommune vil halde fram med å leggje til rette for Mongstad i innovasjon og vidare utvikling, sa leiar for næringsutvalet Stian Lavik.   

Les meir om Prosess 21 her.

Satsing på nye energiløysingar

– Mongstad har alle føresetnader for å lukkast framover. Samarbeidsinitiativet Green Spot Mongstad har som mål å utvikle ein felles strategi for ei berekraftig næringsutvikling på Mongstad, sa Baste Tveito, frå Nordhordland Næringslag.

Hydrogen, elektrifisering og havvind var nokre av satsingsområde han såg store moglegheiter for i framtida for Mongstad og Fensfjordbassenget.