HeimNyheiterMøte om byvekstavtalen

Møte om byvekstavtalen

Onsdag 29. februar hadde kommunestyret i Alver temamøte om byvekstavtalen. Fylkeskommune, fylkesmann, kommuneadministrasjon og Cicero orienterte om byvekstavtalen, og svarte på spørsmål frå politikarane. Ingen vedtak vart gjort under temamøtet.

Møtet vart streama live. Du kan sjå opptaket i vindauget under. 

Vi beklagar dei tekniske utfordringane med streaminga som oppstod midtvegs i møtet. 

Kva skal byvekstavtalen løyse?

Noreg har forplikta seg til internasjonale klimaavtalar, der hovudmålet er reduksjon av klimagassar. Reduksjon av klimagassar er utgangspunktet for nullvekstmålet.

Sjølve nullvekstmålet handlar om at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gange. Det handlar primært om å få til reduksjon av klimagassar, men nullvekstmålet er også knytt til å sikre betre kapasitet og framkomst i trafikksystemet.

Kva er ein byvekstavtale?

Byvekstavtalen er eit verktøy for å nå måla som Noreg har forplikta seg til. Det er ein politisk avtale, eit statleg initiert partnarskap. Byvekstavtalen er eit forpliktande samarbeid om å finansiere meir miljøvenlege transporttilbod i storbyområda.

Tiltaksområde

Det er definert fire satsingsområde for prioritering av prosjekt:

  • Gange og sykkel
  • Kollektivtransport
  • Innfartsparkering
  • Miljøvenleg teknologi og innovasjon

Finansiering

I avtalen er det lagt inn totalt 15,8 milliardar i perioden, fordelt på statlege og fylkeskommunale tilskot. Det er ei auke på ca. 250 millionar kroner årleg, samanlikna med gjeldande byvekstavtale som blei inngått i 2017. Alver vil få totalt 352 millionar kroner i avtaleperioden.

Avtalen

Byvekstavtalen skal styrast gjennom partnarskapet «Miljøløftet». Avtalepartane er Samferdsledepartementet (SD), Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Øygarden og Bjørnafjorden.

Miljøløftet blir leia av ei politisk styringsgruppe, som består av politisk leiing i kommunane, fylkeskommune og departement.

Statens vegvesen ved vegdirektøren vil leie ei administrativ styringsgruppe, der dei lokale partane sjølv vil avgjere kven som skal delta.

Kva skjer no?

Avtalen er ikkje gjeldande før alle lokale avtalepartar har fatta politiske vedtak, og avtalen har vore handsama av regjeringa. Den økonomiske ramma som føreligg føreset at samtlege partar sluttar seg til avtalen.

Dersom ein av avtalepartane ikkje vil godkjenna avtalen, vil den økonomiske ramma bli trekt attende og fordelt gjennom eit nytt statleg mandat. Dei økonomiske konsekvensane av ei slik omfordeling er usikre, men dei lokale partane har oppfatta at staten vil kunna redusere den finansielle ramma noko.

Byvekstavtalen for Bergensområdet 2019 – 2029 skal til handsaming i utval for areal, plan og miljø 05. februar, formannskapet 06. februar og kommunestyret 20. februar.

Om temamøtet 29. februar

Stad: Kommunehuset på Frekhaug

Kl. 09.00 – 12.00:

  • Gjennomgang av byvekstavtalen v/administrasjonen i Alver
  • Innlegg frå fylkesmannen
  • Innlegg frå fylkesordførar og fylkeskommunen
  • Innlegg frå Cicero
  • Spørsmål, svar og kommentarar

Kl. 12.00: Lunsj

Kl. 12.30: Spørsmål, svar og kommentarar

Tidsramme for dagen var sett til kl 15.00.


Sist oppdatert: 19.04.2020
Publisert: 27.01.2020