NAV set fokus på barnefattigdom
På landsbasis syner statistikkane om barnefattigdom ein svak auke. Omtrent 1 av 10 barn bur i familiar med vedvarande låginntekt på landsbasis mot 1 av 13 i Alver. Mange klarer seg bra, men låg inntekt over tid kan påverke mange livsområde.
- Sjølv om vi har betre statistikkar i Alver enn landssnittet, er det viktig å synleggjere at barnefattigdom også finst hjå oss. Kvart einaste barn har rett til ein trygg og god oppvekst med moglegheiter for å lage seg ei god framtid, held Daae fram.
Utdanning og arbeid viktig
Foreldra si yrkestilknyting er svært viktig for inntekta. Arbeid gjev økonomisk sjølvstende, fellesskap og ikkje minst ei kjensle av å bidra. Å hjelpe fleire foreldre til arbeid er viktig for å kunne redusere fattigdom blant barnefamiliar, seier Susanne Gjelsvik, avdelingsleiar i NAV Alver.
All skulegong, jobberfaring og jobbmotivasjon vil hjelpe på vegen til utdanning eller arbeid. I tillegg til økonomisk tryggleik her og no, viser også forsking om barnefattigdom at det er ei auka risiko for at borna i denne gruppa vil kunne oppleve levekårsutfordringar når dei vert vaksne.
Familiesatsing
Sidan 2020 har NAV Alver satsa på oppfølging av barnefamiliar utan fast inntekt. Vi må sjå arbeid, bustad, økonomi og borna sin situasjon i lag, seier Gjelsvik. Mange tenester jobbar med barn og unge, og det er viktig å koordinere og synleggjere hjelpetilboda. Målgruppa for familiesatsinga er mottakarar av sosialhjelp med barn under 16 år.
- Like mykje som økonomisk stønad og rettleiing, er det ofte behov for informasjon om tilbod i nærmiljøet, kvardagsliv og rutinar, seier Gjelsvik. For våre familiekoordinatorar er fokuset å byggje tillit i hyppige samtalar det viktigaste. Då kan ein få til ein dialog og samarbeid om korleis lage seg ein økonomisk trygg kvardag.
- Ynskjer du kontakt med Nav for informasjon om familiesatsinga i NAV?
- Vi har telefon som går direkte til sosialfagleg kompetanse.
- Ring oss på tlf: 45 83 92 43