HeimNyheiterNAV tilbyr rådgiving til deg med gjeldsproblem

NAV tilbyr rådgiving til deg med gjeldsproblem

Har du problem med å betale rekningar eller gjeld, kan NAV tilby gjeldsrådgjeving.
Publisert: 27.10.2020
Sist endra: 27.10.2020

Nordmenn har rekordhøg gjeld, stadig fleire får betalingsmerknader og inkassosaker. Spesielt blant unge er økonomiske vanskar utfordrande, og kan over tid vekse seg alvorlege og få konsekvensar på mange område. Koronasituasjonen har og gitt mange ein stramare økonomi.

- Vi ønskjer no å informere om at ein kan få hjelp til å finne løysingar som kan ta ein ut av gjeldsproblema, seier Susanne Gjelsvik, leiar for avdelinga Service og Velferd i NAV Alver.

Ho fortel at under koronasituasjonen har mange blitt arbeidsledige og permitterte, inntekta er blitt lågare. Elles kan til dømes sjukdom, samlivsbrot, rus, speleavhengigheit og andre situasjonar gjennom livet føre til at ein ikkje meistrar eigen økonomi.

– Gjelda kan vekse til eit punkt der enn ikkje klarar å innfri betalingar og ein kjem inn i ein negativ spiral. Ingen er tent med at folk ikkje kan gjere opp for seg. Dei det gjeld har det tøft, og bedriftene som sel varer og tenester tapar pengar, seier Gjelsvik. Manglande betaling får raskt konsekvensar. Det er viktig å ta tidleg tak i problema.

Hjelp til sjølvhjelp

Det offentlege kan ikkje overta problema, men medverke til å finne løysingar.

- Det er hjelp å få om ein treng oversikt og kontroll på eigen økonomi, og helst før gjeldsproblema vert uoverkomelege, seier Gjelsvik. For mange går det greitt å redusere forbruket ein periode for å kunne føte seg økonomisk igjen. For andre kan det vere alvorlege kriser der hus og heim kan stå på spel, og der ein gjerne har vanskeleg for å handtere situasjonen aleine.

- Generelt sett veit vi at mange kvir seg for å be om hjelp. Desto viktigare er det å få informasjon ut om at det er hjelp å få, seier ho

NAV Alver har eit eige gjeldsrådgjevingsteam som tilbyr hjelp. To juristar og ein økonom kan hjelpe med å få oversikt på økonomi, ha dialog med kreditorar, rettleie og planlegge korleis få ein forutsigbar økonomi slik at endane møtast. Det vanlegaste er å møtast til samtale for å få hjelp. Enklare spørsmål kan også hjelpast via telefon eller chat. Ein kan vere anonym når ein ringjer. Tenesta er gratis.

Tidleg i haust fekk NAV Alver innvilga prosjektmidlar frå Fylkesmannen i Vestland til NAV sine nye tenester.

- Vi ønskjer å hjelpe innbyggjarar som er bekymra for økonomien sin, seier Gjelsvik. Støtta frå Fylkesmannen viser at tenesteinnovasjon er viktig for å møte nye utfordringar. Korona-situasjonen vil prege oss lenge, og fleire vil i større grad måtte planlegge privatøkonomien sin på ein anna måte enn før.

Trykk her for å lese meir om NAV sine tenester