HeimNyheiterNo er det bestemt kor dagsturhyttene kjem

No er det bestemt kor dagsturhyttene kjem

Dette er tre ulike plasseringar som kvar for seg er attraktive turmål, og som utfyller kvarandre.

Hyttene vert monterte tidleg på nyåret, og vi ser fram til opning i januar 2021.

Her skal dei plasserast

Hytta på Eldsfjellet vert plassert like nedanfor Varden, som er det høgaste punktet på Eldsfjellet. Dette er den tøffaste av dei tre dagsturhytteturane, men slitet vert belønna med ei fantastisk utsikt frå toppen. Ønskjer du å gå endå lengre kan du gå vidare i flott fjellandskap til Veten på Eldsfjellet.

Hytta på Vardefjellet når du lettast frå Lindås, der det er grusa veg heilt fram til hytta. Turen tar kring 15 minutt å gå, og på toppen har du flott utsikt mot Lindås, Radøy og Austrheim. Du har også utsikt mot industriområdet på Mongstad, som har vore så viktig for vår region i over 40 år.

Hytta på Byngja ligg heilt i sjøkanten, slik at du kan komme heilt fram med kajakk og båt, men den ligg òg berre ein kort spasertur frå parkeringsplassen på Kvalheim. Det vert jobba for at denne dagsturhytta skal få universell tilkomst. 

Dagsturhyttene i Vestland

Dei nye hyttene i Alver ein del av eit større dagsturhytteprosjekt i Vestland fylke.

Dagsturhyttene vert finansierte med spelemidlar, tilskot frå Vestland fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og BKK, samt eigne kommunale midlar.

Det vert og lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats i samband med etablering og drift av hyttene.  


Sist oppdatert: 17.09.2020
Publisert: 17.09.2020