HeimNyheiterNo kan du sende førespurnad om koronatest digitalt

No kan du sende førespurnad om koronatest digitalt

For at vi skal kunne hjelpe deg så effektivt som mogleg ønskjer vi at du nytter vårt elektroniske skjema.
Publisert: 24.08.2020
Sist endra: 24.08.2020

Vi har no fått på plass elektronisk skjema for kontakt med koronasenteret. Logg inn med BankId.

Trykk her for å kome til skjema

Om du ikkje har høve til å nytte dette skjema kan du ringe koronatelefonen for Alver på telefon: 56 37 59 00

Koronatelefonen er open:

  • Kvardagar klokka 08.30-11:30 og 12.00-15.00.
  • Helger etter behov

Har du symptom på luftvegsinfeksjon og treng legehjelp? Ring først og avtal time med fastlege eller legevakt.

Desse personane testar vi

Det er tilrådd at alle med symptom på Covid-19 skal testas.

  • Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime til du er symptomfri.
  • Mens du er heime må du vere nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitte andre i husstanden. 

Lurer du på om symptoma kan skuldast covid-19, forkjølelse, influensa eller allergi? Les meir på Folkehelseinstituttet si nettside.

Synes du det er vanskeleg å vite om du bør teste deg for korona? Då kan tenesta til Helsenorge "Koronasjekk" vere nyttig.

Trykk her for å prøve Helsesjekk.

Trykk her for å sjå oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om kven som til ei kvar tid skal testast.

Slik testar vi

Alle som kjem inn til testsenteret må ha avtalt time. Sjølve prøvetakinga er fort gjort. Du køyrer heilt fram til døra, og ein sjukepleiar tar i mot deg. Medan du sit i bilen får du vidare instruksar. Koronatesten er ein pinne med ein bomullsdott i enden. Denne skal førast inn i svelg/nase.

Prøven blir sendt til Haukeland Universitetssjukehus for analyse. Det tar nokre dagar å analysere prøven.

Logg deg inn på Helsenorge og finn prøvesvaret

Ikkje ring koronatelefonen om du berre ventar på prøvesvar!

Viss du har blitt testa for covid-19 vil du finne resultatet av prøven på sida Min helse på Helsenorge.

Klikk her for å logge inn.

Ved positivt prøvesvar ringer vi og til deg. 

Det tar tid å få svar på prøvane, fordi det er mange som blir testa.

Vi ber om at du er tolmodig!  

Er du i, eller lurar du på om du bør vere i karantene?

Sjå råda frå Folkehelseinstituttet for heimekarantene

Sjå oppdaterte område med spreiing av koronavirus (Folkehelseinstituttet)

Har du spørsmål om koronaviruset?

Meir informasjon om koronaviruset finn du her. 

Hald deg oppdatert

Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt.