HeimNyheiterNo kan du få besøk av feiaren

No kan du få besøk av feiaren

Måndag 4. mai startar Nordhordland brann og redning opp att med feiinga.
Publisert: 29.04.2020
Sist endra: 30.04.2020

Då koronaepidemien braut ut, sette Nordhordland brann og redning all feiing på vent. No startar vi opp att, og tar kontakt med hus- og hytteeigarar for å gjere avtalar.

Vi feiar om lag 30 hus i veka, og sender tekstmelding til dei som står for tur med forslag til feietidspunkt. Passar ikkje tidspunktet, må huseigar ta kontakt for å gjere ein ny avtale.

For å gjere feiinga trygg for både huseigar og feiar, har vi laga nokre køyrereglar.

  • Vi feiar berre utandørs.
  • Vi går ikkje inn i hus og kan difor ikkje gjennomføre ordinære tilsyn.
  • Huseigar må leggje fram stige, helst dagen før.
  • Det er ditt ansvar at speldet er lukka.
  • Vi fjernar ikkje sot frå innvendig sotluke, berre utvendig.
  • Vi oppmodar om at eigar sjølv fjernar sot i eigna behaldar.

Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine smittevernreglar og held to meter avstand.

Vi takkar for forståinga og gler oss til å møte innbyggjarane i Alver kommune att.