HeimNyheiterNo opnar Bua Manger

No opnar Bua Manger

– Endeleg er vi klare for opning av Bua Manger. Dette blir eit supert tilbod for barn og unge som ønskjer å finne på noko gøy i sommar, seier Birthe Kråkenes Bjørstad, leiar for Frivilligsentralen på Manger.

Ønskjer du å teste paddleboard (SUP) eller skateboard? Eller kanskje du har lyst til prøve ei natt i hengekøye eller telt? På Bua kan du låne utstyr til sommar- og vinteraktivitetar heilt gratis.   

Her finn du Bua i Alver

Tidlegare i år opna Bua Frekhaug, og no får alverbu lenger nord i kommunen og eit Bua-tilbod nært seg. Frivilligsentralane driv Bua, med god hjelp frå frivillige.

– Frivillige har gjort ein kjempeinnsats med maling av lokalet og klargjering av utstyr, slik at vi er klare til opninga på søndag. Det er mogleg å låne utstyr på opningsdagen på søndag mellom klokka 14 og 16, seier Bjørstad.

Frå fredag 3. juli kan du begynne å reservere utstyr på nettsida. Klokkeslett for nettsidelansering vil komme på Bua Manger si Facebook-side. Her er det berre å opprette seg brukar, og setje i gang. Bua Manger skal vere open kvar tysdag mellom klokka 12 og 17 i sommar. Du finn Bua Manger på nedsida av Idrettsveien 1, ved den gamle Rema 1000 på Manger.

Kva er Bua?

BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få moglegheit til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar. Det gjer vi ved å gjere det enklare for deg å låne utstyr til sport og friluftsliv.


Sist oppdatert: 02.07.2020
Publisert: 02.07.2020